Studieprogram: MAMN-NANO Masterprogram i nanovitenskap - Vår 2020




Namn på grad

Bokmål: Master i nanovitenskap.

Nynorsk: Master i nanovitskap.

Engelsk: Master in Nanoscience.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i nanovitenskap har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Mål og innhald

Mål

Målsetninga med studiet er å utdanne studentar med inngåande kjennskap til nanovitskaplege tenkemåtar og metodar innan nanovitskap. Studenten vil få innsikt i moderne forsking innan eit spesifikt område av nanovitskapen, og utføre eige forskningsarbeid basert på teoriar og eksperimentelle metodar lært i bachelorgraden. Vidare vil ein lære å samanfatte arbeidet i ein tekst (masteroppgåve) i henhald til vitskaplege kriterier.

Innhald

Nanovitskapleg forsking er sterkt tverrfagleg og finner stad i grenselandet mellom fysikk, kjemi og biologi og nyttar i ulik grad metodar frå alle desse tre disiplinane. Masterstudiet i nanovitskap er tett knytt til den nanovitskaplege forskinga som skjer ved UiB, og målet for og innhaldet i det aktuelle masterprosjektet vil definere kandidaten sin spesialisering innan nanovitskapen. Kandidaten vert medlem av ei forskingsgruppe med hovuddelen av aktiviteten sin retta mot nanofysikk, nanokjemi, nanobiologi eller nanobiomedisin, men vil også kome i kontakt med andre relevante disiplinar. Det vert og gitt undervisning i vitskapsteori i Masterstudiet i nanovitskap.

Døme på aktuelle problemstillingar i masteroppgåva:

Nanoteknologisk instrumentering og måleteknikk, nanostrukturerte katalysatorar, naturlege nanopartiklar og -dråpar, nanomaterial, kvantekontroll og dynamikk, magnetiske nanopartikler, proteinstruktur og funksjon, protein-overflate-interaksjoner, proteindynamikk, mikro-kontakt-printing, nanotoksikologi.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Masterprogrammet i nanovitenskap byggjer på ein bachelorgrad i nanoteknologi eller tilsvarende.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Bachelorgrad i fysikk, kjemi, molekylærbiologi og biomedisin fra andre universitet eller høgskoler dersom søker har minst ett emne tilsvarende KJEM120 (grunnstoffkjemi) eller PHYS111 (klassisk mekanikk) i bachelorgraden.

Gjelder for alle søkere som ikke har bachelorgrad i nanoteknologi, fysikk eller kjemi fra UiB:

Bachelorgraden må inneholde KJEM120 eller PHYS111, eller tilsvarende.

Det er en forutsetning for opptak til MAMN-NANO at studenter som ikke har bachelorgrad i nanoteknologi eller allerede har tatt enten NANO161 Innføring i nanoteknologi og -instrumentering eller NANO244 Material- og nanokjemi, tar minst ett av de to NANO-emnene i løpet av første studieår på master. Dette forutsetter at eventuelle forkunnskapskrav til NANO161 eller NANO244 er oppnådd i bachelorgraden.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Du må ha ein bachelorgrad i nanoteknologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi, biomedisin eller annan relevant naturvitskapelig bakgrunn slik det er skildra under «Opptakskrav».

 

Du trenger ein tverrfaglig plattform av matematikk, fysikk, kjemi, molekylærbiologi og nanoteknologi med en hovudvekt av den faglige spesialiseringa i bachelorgraden mot den nanovitskaplege disiplinen du ønskjer eit masterprosjekt innanfor. Du trenger også generell laboratorieerfaring i fysikk, kjemi eller molekylærbiologi bestemt av den nanovitskaplege fagretninga du ønskjer eit masterprosjekt innanfor.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar; emnedel og mastergradsoppgåve.

 

Emnedel

For studentar som skal ta ei oppgåve i nanobiologisk retning:

BMED325 Cellulær biokjemi og nanobiokjemi, NANO300 Seminar i nanovitskap og NANO310 Nanoetikk er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

 

Oppbygging av masterstudiet i nanovitskap med oppgåve i nanobiologisk retning

4. semester

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

3. semester

NANO300 + NANO310

Oppgåve

Oppgåve

2. semester

Valemne

Valemne

Oppgåve

1. semester

Valemne

BMED325

Valemne

 

For studentar som skal ta ei oppgåve i nanofysikk eller nanokjemi

NANO300 Seminar i nanovitskap og NANO310 Nanoetikk er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

 

4. semester

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

3. semester

NANO300 + NANO310

Oppgåve

Oppgåve

2. semester

Valemne

Valemne

Oppgåve

1. semester

Valemne

Valemne

Valemne

 

 

Masteroppgåva: NANO399 Masteroppgåve i nanovitskap er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leverast innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilrådde valemne

40 - 50 studiepoeng i mastergraden er valfrie. Valgemne skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valgemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølje for emna ser du i tilrådd studieplan overskrifta «Obligatoriske emne».

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett frist.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, gruppearbeid laboratoriearbeid og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

 

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen og oppgåveskriving. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer, «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

 

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

 

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

 

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

 

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Nanoteknologi er på full innmarsj i ei rekkje område og kandidatar med master i nanovitskap vil få solid kompetanse med tanke på å dekke arbeidsoppgåver innan stadig nye nytteområde av nanoteknologi i industri og næringsliv. Avhengig av spesialiseringa di vil du vere kvalifisert for jobb i sjukehussektoren, farmasøytisk industri, bioteknologisk industri, eller annan teknologisk industri som til dømes arbeider med moderne høgfunksjonelle material. Du vil også kunne ta arbeid innan offentleg forvaltning, i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning) og innan naturvitskapleg forsking. Ein mastergrad i nanovitskap vil kvalifisere deg til eit ph.d.-studium i nanovitskap, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

 

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: mailto:Studierettleiar@nano.uib.noStudierettleiar@nano.uib.no

Tlf. 55 58 34 46.

Mål og innhald

Nanovitskap er relativt nyleg blitt definert som ei eiga grein av naturvitskapen og omfattar studiet av funksjonelle system basert på byggesteinar med eigenskapar som endrar seg kvalitativt med storleiken. Dette skuldast gjerne kvantemekaniske effektar eller at ein ekstremt høg andel av atoma er i overflata av desse byggesteinane, eller begge desse forholda, og føreset at minst éin kritisk storleik for byggesteinen er i nanometerområdet. Nanovitskapen er vidare oppteken av å forstå og utnytte samanhengen mellom struktur og andre eigenskapar til dei små byggesteinane, på den eine sida, og eigenskapane til material og samansett system som byggesteinane kan gi opphav til, på den andre. Målsetninga med studiet er å utdanne studentar med inngåande kjennskap til nanovitskaplege tenkemåtar og metodar innan nanovitskap.

Døme på aktuelle problemstillingar i masteroppgåva:

Nanostrukturerte katalysatorar, nanodråper og clustere, nanomaterial, kvantekontroll og dynamikk, magnetiske nanopartikler, proteinstruktur og funksjon, protein-overflate-interaksjoner, proteindynamikk, mikro-kontakt-printing, nanotoksikologi.

Opptaksgrunnlag

Bachelorgrad i nanoteknologi frå UiB.

Søkjarar med bachelorgrad i fysikk, kjemi, molekylærbiologi, biomedisin eller annan relevant utdanning kan også søkje opptak til masterstudiet i nanovitskap, men må kvalifisere seg inn til masterstudiet i nanovitskap gjennom å fylle minimumskrav i molekylærbiologi, fysikk, kjemi og nanoteknologi tilsvarande:

Molekylærbiologi: MOL100 og MOL200 (20 SP)

Fysikk: PHYS101/PHYS111 og PHYS102/PHYS112 (20 SP)

Kjemi: KJEM110 og KJEM120 (20 SP)

Nanoteknologi: NANO160 (10 SP)

Dersom ein student oppfyller desse krava bortsett frå at han/ho manglar NANO160, kan studenten takast opp til MSc studiet i nanovitskap dersom studenten tek NANO160 i laupet av første studieår i mastergradsstudiet. Studentar med annan bakgrunn enn BSc i Nanoteknologi vil bli tatt opp til MSc studiet etter individuell vurdering kor deira faglege bakgrunn blir vurdert i forhald til masterprosjekt. Dette betyr at søknaden om opptak til masterstudiet må identifisere ønske for retning/tema for masterprosjekt.

Oppbygging av studiet

Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Kursdel: Emna KJEM220 Molekylmodellering, HUCEL340A Cellulær biokjemi og nanobiokjemi, NANO300 Seminar i nanovitskap og NANO310 Nanoetikk er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Oppbyggingen av masterstudiet i nanovitskap:
1. semester: KJEM220 (10 sp), HUCEL340A (10 sp) og Val (10 sp)

2. semester: Val (20 sp) og Oppgåve (10 sp)

3. semester: NANO300 + NANO310 (5 + 5 sp) og Oppgåve (20 sp)

4. semester: Oppgåve (30 sp)

sp = studiepoeng

Yrkesvegar

Nanoteknologi er på full innmarsj i ei rekkje område og kandidatar med master i nanovitskap vil få solid kompetanse med tanke på å dekke arbeidsoppgåver innan stadig nye nytteområde av nanoteknologi i industri og næringsliv. Avhengig av spesialiseringa di vil du vere kvalifisert for jobb i sjukehussektoren, farmasøytisk industri, bioteknologisk industri, eller annan teknologisk industri som til dømes arbeider med moderne høgfunksjonelle material. Du vil også kunne ta arbeid innan offentleg forvaltning, i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning) og innan naturvitskapleg forsking. Ein mastergrad i nanovitskap vil kvalifisere deg til eit PhD-studium i nanovitskap, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@nano.uib.no eller telefon 55 58 34 46.