Studieprogram: MAPS-HEFR Masterprogram i helsefremmende arbeid og helsepsykologi - Vår 2020




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har eit omfang på 120 studiepoeng, normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Undervisinga vil i hovudsak være på norsk. Somme førelesingar vil kunne ha engelsk som undervisingsspråk.

 

Valfrie emne kan ha undervising på engelsk.

Studiestart - semester

Kvar haust

Mål og innhald

Mastergradstudiet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har ein tverrfagleg og profesjonsovergripande profil med mål om å forsterke fagleg fellesskap og forståing mellom helsefaga, i arbeidet med å fremje helse og velvere i befolkninga.

 

Programmet tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til folkehelse, med vekt på helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet blir det sett fokus både på individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving. Det blir lagt vekt på grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, kritiske analysar av teoriutviklinga på feltet og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak.

 

Det faglege innhald i masterprogrammet er i samsvar med tilrådingar for studieinnhald frå Folkehelseforeninga og Nasjonalt Nettverk for Helsefremming, utvikla i samarbeid med Helsedirektoratet.

Læringsutbyte

Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Ferdigheiter:

 

Kandidaten

 

 

 

 

 

 

 

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

 

 

 

 

 

 

 

 

Opptakskrav

Masterprogrammet i helsefremmende arbeid og helsepsykologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i helsefremjande arbeid eller anna relevant helsefagleg eller samfunnsfagleg bachelorutdanning.

 

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i de faga nemnt over eller tilsvarande.

 

Eksterne bachelorgrader som også kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i de faga nemnt over eller tilsvarande

 

Du må også ha:

Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Studieprogram med særskilde språkkrav (fransk, spansk og italiensk)
Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi er eit norskspråkleg masterprogram og det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Der spesialisering i graden ikkje er spesifisert blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske emne

Studiet er sett saman av:

Tilrådde valemne

HEFR342: Resource approaches to health and wellbeing (10 studiepoeng)

 

MABARN 316: Childhood and parenting in diverse contexts (10 studiepoeng)

 

Studenten veljar eit av desse to emna.

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgja vil normalt vere: HEFR331, HABA301, HEFR341, GLODE303 eller GLODE304 og valfritt emne.

Emna skal vere gjennomførte og bestått før ein byrjar på HEFR395.

Krav til progresjon i studiet

HEL310, HEL320A, HELSTA, HEFR330 og HEFR340 må være beståtte før HEFR395. Eventuelle avvik fra normert studieløp, skal vere i samsvar med gjeldande reglement for Universitetet i Bergen

Delstudium i utlandet

Det er høve til å leggje delar av arbeidet med masteroppgåva til institusjonar i utlandet. Datainnsamling i utlandet kan òg vere aktuelt.

Undervisningsmetodar

I undervisninga blir det nytta ulike læringsformer: Førelesingar, problembasert læring, gruppearbeid, presentasjonar, forskingsseminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Spesifikke kurs som til dømes informasjonskompetanse, oppgåveseminar og innføring i databehandlingsprogram, vil også vere ein del av undervisningstilbodet.

Vurderingsformer

Sjå kvart einskild emne for vurderingsform.

Karakterskala

A-F eller bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrivne ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergraden gjev formell kompetanse for vidare studium til Phd- graden.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi kvalifiserer mellom anna til tverrfagleg folkehelsearbeid innan kommune, fylke, stat eller privat sektor. Utdanninga kan nyttast i helsefagleg og sosialt arbeid, i pedagogisk arbeid, friviljuge organisasjonar, ny arbeids- og velferdsforvalting (NAV), og privat og offentleg planarbeid. I tillegg gjev studiet kompetanse innan skole og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd, samt undervisning, forsking og utviklingsarbeid på universitet og høgskolar.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. I tillegg evaluerer studentane dei einskilde emna i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet.

Søknadsprosedyre

Mål og innhald

Studieretninga tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet vert det satt fokus både på individuelle og strukturelle forhold som har relevans for helseåtferd og helseoppleving. Det vert lagt vekt på å læra opp studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritiske analyser av teoriutviklinga på felta. Studieretninga skal vidareføre og konkretisere dei emne som er tatt opp i masterstudiets fellesdel.

Helsefremjande arbeid og helsepsykologi utgjer tradisjonelt sett kvantitativt orienterte disiplinar. Samstundes medverkar kvalitative tilnærmingar i aukande grad i teori- og kunnskapsutviklinga. Innan studieretninga vil det gå inn ei fordjuping i dei mest relevante metodane knytt opp mot studieretninga sitt innhald ellers, inklusive evaluering av og kvalitetssikring av helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi, må du ha bachelorgrad i helse- eller sosialfag eller annen relevant bachelorgrad.

Søkjarar med grunnutdanning utan bachelorgrad, må ha minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanning. I desse studiepoenga, eller i tillegg til dei, må det inngå ein eigen metodeprøve på minst 9 studiepoeng.

Krav til forkunnskapar

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi, må du ha bachelorgrad i helse- eller sosialfag eller ei anna relevant bachelorgrad. Søkjarar med grunnutdanning utan bachelorgrad, må ha minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Metode

Helsefremjande arbeid og helsepsykologi utgjer tradisjonelt sett kvantitativt orienterte disiplinar. Samstundes er kvalitative tilnærmingar i aukande grad med i teori- og kunnskapsutvikling. Innan masterstudiet vil det gå inn ei fordjuping i dei mest relevante metodane knytt opp mot resten av innhaldet i studiet, inkludert evaluering av og kvalitetssikring av helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Undervisning

I undervisninga vert det nytta mange ulike læringsformer: Førelesingar, PBL, gruppearbeid, presentasjonar, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes informasjonskompetanse, skrivekurs og statistikkprogram, vil også vere ein del av undervisningstilbodet.

Masteroppgåve

Studiet er satt saman av:

HEL310 og HEL320 er felles for alle helsefaga. Gjennom denne studiedel som er felles skal studentane få innsyn i helsefaga sitt teori- og verdigrunnlag og kjennskap til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Studiet skal på denne måten stimulere til tverrfagleg utveksling og utvikling av kompetanse. Samstundes vert fordjuping og refleksjon innan sentrale fagspesifikke temaområde med utgangspunkt i fagidentitet og særtrekk ved den einskilde studieretning lagt vekt på. På grunnlag av dette skal studentane under rettleiing vere i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid i form av ei masteroppgåve.

Den fagspesifikke delen av studieretninga Helsefremjande arbeid/helsepsykologi er bygd opp av to moduler à 15 studiepoeng som utfyller kvarandre:

HEFR340 kan bytast ut med tilsvarande emne ved andre studietilbod på norske eller utlandske universitet. I begge emnene på studiet vil det nyttast Problembasert læring som arbeidsmetode. Studentane vil bli presentert for casestudiar som vil danne utgangspunkt for deira arbeid med å nå læringsmåla. I tillegg vil det bli lagt vekt på felles diskusjonar og presentasjonar. Det vil også bli gitt nokre oversiktsførelesingar, og studentane har mogleik for å be om at spesifikke tema vert satt lys på i desse førelesingane.

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Målet med oppgåva er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og syne evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gje ei instruktiv, klar og presis, skriftleg framstilling av saksområdet.

Oppbygging av studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gje innsyn i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1. semester:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema (15 studiepoeng)

HEL320 Forskingsmetode og -etikk (15 studiepoeng)

2. semester:

HEFR330 Helsefremjande og primærførebyggjande arbeid, innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar (15 studiepoeng)

HEFR340 Fordjuping i individuelle og organisatoriske forhold (15 studiepoeng)

3. og 4. semester:

HEFR395 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Fageining og spesialisering

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1. semester:
HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema (15 studiepoeng)
HEL320 Forskingsmetode og -etikk (15 studiepoeng)

2. semester:
HEFR330 Helsefremjande og primærførebyggjande arbeid, innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar (15 studiepoeng)
HEFR340 Fordjuping i individuelle eller organisatoriske forhold (15 studiepoeng)

3. og 4. semester:
Masteroppgåve (60 studiepoeng)


Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid og helsepsykologi kvalifiserer deg mellom anna til undervisning, forsking og utviklingsarbeid på universitet og høgskular. Utdanninga opnar for arbeid i helseforvaltinga og friviljuge organisasjonar. I tillegg gir studiet kompetanse innan skule og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd.

Oppstart

Haust.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet.

Reglement

http://www.uib.no/isf/helsefag/masterprogram.htm

Meir informasjon