Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.
I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning, blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.
Ein kandidat som har fullført utdanninga forventast å ha oppnådd følgjande
læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Ferdigheiter:
Generell kompetanse:
Opptakskrav
Masterprogrammet i pedagogikk byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i pedagogikk eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifisererer:
Bachelorgrad i pedagogikk
Bachelorgrad i spesialpedagogikk
For andre utdanningar som tilsvarar ein bachelorgrad er det eit krav om minimum 60 studiepoeng pedagogikk. Dei 60 studiepoenga i pedagogikk vil inngå i poengutrekninga i tillegg til 30 studiepoeng i spesialiseringa. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.
Andre pedagogiske utdanningar frå UiB som kvalifiserer:
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Lektorprogram
Eksterne pedagogiske utdanningar som kvalifiserer:
Barnehagelærar
Førskulelærar
Lærarudanning
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Du må også ha:
Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
1. semester:
2. semester:
3. og 4. semester:
Pedagogikk handlar i vid forstand om kommunikasjon, kunnskap og læring. Målet med masterprogrammet er at du skal utvikle forskingsbasert kunnskap om pedagogikk. Vidare skal studiet auke din handlingskompetanse i pedagogikk som praktisk disiplin. Pedagogiske grunnlagsproblem og samanhengen mellom ulike kunnskaps- og læringssyn og ulike former for pedagogisk praksis står sentralt i studiet.
Studiet skal setje deg i stand til å vurdere pedagogiske forskingsarbeid og kvalifisere deg til å planleggje, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng).
Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere deg til å foreta sjølvstendige og teoretiske grunngjevne vurderingar av praktisk-pedagogiske situasjonar. Dette inneber også kompetanse i å vurdere praktisk-pedagogiske forskings- og utviklingsarbeid.
Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er praksisforankring og prosessorientering, og sentrale tema i studiet er læring, kunnskap og kommunikasjon. Fordjupingsområda i programmet, som speglar forskingsinteressene i fagmiljøet, er knytt til ulike former for pedagogisk praksis.
Studiet skal kvalifisere studentane for å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber også kompetanse til å vurdere praktisk-pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere studentane til å planlegge og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.
Søkjarar må oppfylle eit av følgjande opptakskrav:
Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformer og kombinerer førelesingar med seminar og arbeid i grupper. Refleksjon knytt til dialogen mellom teoribasert og praksisbasert kunnskap blir aktivt stimulert, og studentane får erfaring med å organisere, gjennomføre og vurdere ulike arbeidsformer. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet frå starten av. Ekstern praksis inngår ikkje i studiet.
Eit masterprogram i pedagogikk (fulltidsstudium) vil sjå slik ut:
1.semester:
PED311 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)
PED313 Kunnskap og kommunikasjon (15 studiepoeng)
2.semester:
PED312 Forskingsmetode (15 studiepoeng)
PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng)
3. og 4.semester:
PED395 Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, sjå den einskilde modul.
Studieprogrammet gir ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som vert stadig meir etterspurd både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserer til ei rekke yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgjevnad, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserer til leiarstillingar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.
Normalt vil det vere opptak til masterprogrammet annakvar haust.