Studieprogram: MAPS-PED Masterprogram i pedagogikk - Vår 2020
Namn på grad
Mastergrad i pedagogikk.
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i pedagogikk har eit omfang på 120 studiepoeng og normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Norsk.
Studiestart - semester
Det er oppstart av studiet annakvart år, hausten 2015, 2017 osv.
Mål og innhald
Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.
I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning, blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.
Læringsutbyte
Ein kandidat som har fullført utdanninga forventast å ha oppnådd følgjande
læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Kandidaten har avansert kunnskap innan fagområdet pedagogikk, og spesialisert innsikt i det området som masteroppgåva omhandlar
- Kandidaten har avansert kunnskap om fagets historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
- Kandidaten har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar
Ferdigheiter:
- Kandidaten kan analysere pedagogiske spørsmål og problemstillingar
- Kandidaten kan nytte pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant
- Kandidaten kan formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg
- Kandidaten kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse:
- Kandidaten kan bruke relevante metodar for forsking på ein sjølvstendig måte
- Kandidaten kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
- Kandidaten kan medverke til nytenking og innovasjonsprosessar
Opptakskrav
Opptakskrav
Opptaksgrunnlaget til master i pedagogikk er 90 studiepoeng med faglig fordypning (spesialisering)
Du kan søke opptak med:
Bachelorgrad i pedagogikk
Førskulelærar- eller lærarutdanning og PPU
For andre utdanningar som tilsvarer ein bachelorgrad er det et krav om at minimum 60 av studiepoenga er pedagogikk.
Der spesialisering i graden ikkje er spesifisert blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga
- Master i pedagogikk er eit norskspråkleg masterprogram med norskkrav. Det presiseras at søkerane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.
Sjå http://www.uib.no/psyfa/86973/opptaksreglement-til-masterprogram-ved-det-psykologiske-fakultet#pedagogikkutfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i pedagogikk for meir informasjon.
Obligatoriske emne
Ein mastergrad i pedagogikk består av følgjande obligatoriske emne: - PED311 Pedagogisk filosofi (15 sp)
- PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)
- PED312 Forskingsmetode (15 sp)
- PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)
- PED395 Masteroppgåve i pedagogikk (60 sp)
Omfang masteroppgåva
60 studiepoeng.
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester:
- PED311 Pedagogisk filosofi (15 sp)
- PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)
2. semester:
- PED312 Forskingsmetode (15 sp)
- PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)
3. og 4. semester:
- PED395 Masteroppgåve (60 sp)
Undervisningsmetodar
Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformar og kombinerar forelesingar med litteraturstudiar, og fysiske og nettbaserte seminar. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. Praksis inngår ikkje i studiet.
Vurderingsformer
Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. Heimeeksamen, mappevurdering, prosjektplan, masteroppgåve og munnleg eksamen er formene som vert nytta.
Karakterskala
Ved sensur av dei ulike emna nyttast karakterskalaen A-F eller greidd/ikkje greidd.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er oppnådd.
Grunnlag for vidare studium
Ein mastergrad i pedagogikk kvalifiserer til å søkje opptak til forskarutdanning.
Relevans for arbeidsliv
Studieprogrammet gjev ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som blir stadig meir etterspurt både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserar til ei rekkje yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgiving, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserar til leiarstillingar i utdannings- institusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Undervisingsutvalet ved Institutt for pedagogikk har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for programmet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder.psyfa@uib.no telefon 55582710.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Mål og innhald
Pedagogikk handlar i vid forstand om kommunikasjon, kunnskap og læring. Målet med masterprogrammet er at du skal utvikle forskingsbasert kunnskap om pedagogikk. Vidare skal studiet auke din handlingskompetanse i pedagogikk som praktisk disiplin. Pedagogiske grunnlagsproblem og samanhengen mellom ulike kunnskaps- og læringssyn og ulike former for pedagogisk praksis står sentralt i studiet.
Studiet skal setje deg i stand til å vurdere pedagogiske forskingsarbeid og kvalifisere deg til å planleggje, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng).
Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere deg til å foreta sjølvstendige og teoretiske grunngjevne vurderingar av praktisk-pedagogiske situasjonar. Dette inneber også kompetanse i å vurdere praktisk-pedagogiske forskings- og utviklingsarbeid.
Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er praksisforankring og prosessorientering, og sentrale tema i studiet er læring, kunnskap og kommunikasjon. Fordjupingsområda i programmet, som speglar forskingsinteressene i fagmiljøet, er knytt til ulike former for pedagogisk praksis.
Studiet skal kvalifisere studentane for å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber også kompetanse til å vurdere praktisk-pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere studentane til å planlegge og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.
Opptaksgrunnlag
Søkjarar må oppfylle eit av følgjande opptakskrav:
- Fullført bachelorgrad eller cand.mag.-grad med ein fageining og ein spesialisering i pedagogikk
- Avlagt førskulelærarutdanning (det er ein føresetnad at utdanninga utgjer minimum 180 sp)
- Avlagt Lærarutdanning (det er ein føresetnad at utdanninga utgjer minimum 180 sp)
- Praktisk pedagogisk utdanning (PPU)
- Helse- og sosialfaglege utdanningar vil bli vurderte individuelt
- Annan utdanning kan bli vurdert som likeverdig etter individuell handsaming.
- Alle søkjarar må ha minimum 30 studiepoeng i pedagogikk for å bli tatt i betraktning
- For å kvalifisera for opptak er det eit krav om ein gjennomsnittskarakter på minimum C
Metode
I arbeidet med masteroppgåva kan du velje mellom å bruke kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar. Emnet forskingsmetode og vitskapsteori førebur deg på å bruke begge disse metoderetningane.
Undervisning
Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformer og kombinerer førelesingar med seminar og arbeid i grupper. Refleksjon knytt til dialogen mellom teoribasert og praksisbasert kunnskap blir aktivt stimulert, og studentane får erfaring med å organisere, gjennomføre og vurdere ulike arbeidsformer. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet frå starten av. Ekstern praksis inngår ikkje i studiet.
Masteroppgåve
Oppgåva utgjer 60 sp, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar). Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskings-prosjekt. Målet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang.
Oppbygging av studiet
Eit masterprogram i pedagogikk (fulltidsstudium) vil sjå slik ut:
1.semester:
PED311 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)
PED313 Kunnskap og kommunikasjon (15 studiepoeng)
2.semester:
PED312 Forskingsmetode (15 studiepoeng)
PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng)
3. og 4.semester:
PED395 Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Vurdering / Eksamensformer
Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, sjå den einskilde modul.
Yrkesvegar
Studieprogrammet gir ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som vert stadig meir etterspurd både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserer til ei rekke yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgjevnad, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserer til leiarstillingar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.
Delstudium i utlandet
Tilbod om studieopphald i utlandet som ein integrert del av mastergraden vil bli utvikla. Fagmiljøet har kontakt med ei rekke universitet i det sørlege Afrika, og vil i tillegg arbeide for avtaler med europeiske universitet.
Oppstart
Normalt vil det vere opptak til masterprogrammet annakvar haust.
Administrativt ansvarleg
Institutt for utdanning og helse, seksjon for utdanningsvitenskap. Terje Restad, tlf. 55 58 39 79, e-post: terje.restad@iuh.uib.no
Meir informasjon
studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10