Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
¿ har djupnekunnskap om eit avgrensa område innanfor eit Japan-relatert tema
¿ er kjend med grunnleggjande konvensjonar for skriving av akademiske oppgåver.
Ferdigheiter
Studenten
¿ kan leite fram ulike typar kjeldelitteratur og vurdere kvaliteten av desse.
¿ Kan gjere seg nytte av kunnskapar som han/ho har tilegina seg under utvekslingsopphaldet.
¿ Kan arbeide systematisk med ei problemstilling for å produsere ei strukturert framstilling av, og diskusjon rundt, eit problemkompleks.
¿ kan ta imot og lære av kritiske kommentarar til eigen tekst i høve til struktur, argumentasjon og formuleringar.
Generell kompetanse
Studenten
¿ kan tileigne seg kunnskap om eit tema og skrive ein akademisk tekst om dette under rettleiing.
Det er obligatorisk med rettleiing to gonger på bacheloroppgåva. Studentane skal òg ha munnleg framlegging i samband med oppgåva i løpet av semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.
All obligatorisk undervisningsaktivitet må bli godkjent i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.
studierettleiar@if.uib.no
eksamen@if.uib.no