Emner: EAS250 Bacheloroppgave i japansk - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk og engelsk

Undervisningssemester

 Vår (frå starten av mars)

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Målet er å få ei djupare forståing for eit avgrensa tema knytt til japansk språk, kultur eller samfunn, i tillegg til å lese og skrive ein akademisk tekst om temaet.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

¿ har djupnekunnskap om eit avgrensa område innanfor eit Japan-relatert tema

¿ er kjend med grunnleggjande konvensjonar for skriving av akademiske oppgåver.

 

Ferdigheiter

Studenten

¿ kan leite fram ulike typar kjeldelitteratur og vurdere kvaliteten av desse.

¿ Kan gjere seg nytte av kunnskapar som han/ho har tilegina seg under utvekslingsopphaldet.

¿ Kan arbeide systematisk med ei problemstilling for å produsere ei strukturert framstilling av, og diskusjon rundt, eit problemkompleks.

¿ kan ta imot og lære av kritiske kommentarar til eigen tekst i høve til struktur, argumentasjon og formuleringar.

 

Generell kompetanse

Studenten

¿ kan tileigne seg kunnskap om eit tema og skrive ein akademisk tekst om dette under rettleiing.

Krav til forkunnskapar

 Avslutta to semester med utvekslingsopphald i Japan.

Tilrådde forkunnskapar

 God dugleik i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for EAS250 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med JAP252, JAP251 eller JAP250.
Utteljinga blir redusert med 10 studiepoeng om EAS250 blir kombinert med EAS251.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i japansk.

Arbeids- og undervisningsformer

Vekentlege seminar over ti veker:

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk med rettleiing to gonger på bacheloroppgåva. Studentane skal òg ha munnleg framlegging i samband med oppgåva i løpet av semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.

All obligatorisk undervisningsaktivitet må bli godkjent i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd bacheloroppgåve på 3500 ord (ca. 10-12 sider) om sjølvvalt emne.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Studenten søkjer sjølv etter relevant litteratur for oppgåva i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Programstyret for japansk og programstyret for kinesisk har begge ansvar for fagleg innhald og kvaliteten på dette emnet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

eksamen@if.uib.no