Emner: ENERGI230 Miljø og energi - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk. Emnet vert undervist på norsk viss berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.

Undervisningssemester

Vår
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane innsikt i miljøkonsekvensar av utvinning, omdanning og bruk av energi.

Studentane skal kunne utføre berekningar av ulike teknologiske energiløysingar og scenario både regionalt og globalt.

Emnet skal utdjupe studenten si forståing av korleis miljøfotavtrykk av ulike slag bør med i planlegging av energianlegg.

 

Innhald:

I emnet diskuterer ein grunnleggjande prinsipp og modellar for spreiing av forureining i luft og hav. Hovudvekta er på fysiske prosessar for transport og spreiing, men nokre utvalde prosessar for kjemisk omdanning og biologiske effektar er også med. Arealbruk og konfliktar med andre aktivitetar vert analysert for forskjellege energikjelder og energisystem. I tillegg vert det diskutert ulike metodar for å rekne inn kostnader for miljøeffektar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Alle obligatoriske emner i studieløpet for Integrert master i energi (siv.ing), eller tilsvarande fram til og med 3. semester må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det eit krav om at du har ein studierett knytt til Integrert masterprogram i energi (siv.ing) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

4 forelesingar, 1 rekneøving per veke. Delar av øvingstida vil bli nytta til prosjektarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2/3 av øvingane må vere levert og godkjent for å ta eksamen.

Gyldig i to semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav vert godkjent + det etterfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar, tel 70%, prosjektarbeid tel 30%.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator er tillatt, i samsvar med modellar som vert angitt i fakultetet si regelsamling.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Referansegrupper vil bli nytta årleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelige fakultet v/Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan du kontakte her:

studieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04