Emner: ENERGI240 Praksisutplassering - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk avhengig av utplasseringsstad

Undervisningssemester

Vår, vil gå første gong vår 2020

Mål og innhald

Mål

Praksisopphaldet skal bidra til å knyte saman den faglege kompetansen frå studiet med arbeidsoppgåver hos aktuelle arbeidsgjevarar og samfunnsaktørar. Gjennom observasjon, samarbeid, rettleiing og praktisk øving vil studentane få vite meir om si eiga framtidige yrkesrolle og -relevans.

 

Innhald

Studentane deltar i arbeidsoppgåvene i bedrifta eller institusjonen som dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får delta i arbeidsoppgåver som er relevant med tanke på deira faglege kompetanse og for bedriften/institusjonen sine behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Alle obligatoriske emne eller tilsvarande fram til og med 5. semester må vere beståtte.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at studenten er tatt opp på Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør).

Arbeids- og undervisningsformer

Praksisopphaldet skal utgjere ca to fulle arbeidsdagar per veke frå midten av januar til midten av mai månad og utgjere minst 200 timar til saman. I tillegg, kjem introduksjonsførelesing, forarbeid, rapportskriving, presentasjon og deltaking på presentasjonsseminar og anna naudsynt arbeid i samband med emnet.
Det vart utarbeida ein skriftleg kontrakt mellom studenten, UiB og praksisstaden, og studentenmå levere timeliste signert av praksisstad og student. Detaljerte retningsliner og fristar vert kunngjort ved oppstart for emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Refleksjonsnotat, presentasjon og innlevering av timeliste.

Vurderingsformer

I emnet vert mappevurdering og munnleg presentasjon av det faglege innhaldet i praksisperioden nytta som vurderingsform. Karakterskala som vert nytta er bestått/ikkje bestått.
Mappa baserer seg på følgjande delar:

Mappeinnhaldeet må vere godkjent innan den munnlege presentasjonen av det faglege innhaldet i praksisperioden vert gjennomført. Mappeinnhaldet og den munnlege presentasjonen vert vekta likt. Begge delar må vere "bestått" for å bestå emnet.

 

NB! Studentar som på grunn av Korona-tiltak ikkje får gjennomført dei attståande praksistimane etter 12 mars, får i oppgåve å skrive ein teknisk rapport om kjerneverksemda i praksisbedrifta.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår. Emnet vert berre gjennomført og vurdert i 6. semester på det femårige integrerte masterprogrammet i energi (sivilingeniør), for studentar som tilhøyrer kull 2017, 2018 og 2019.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Referansegrupper vil bli nytta årleg.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt, har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
energi-siving@uib.no