Bergen
I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG223 (skoleeksamen) eller ENG263 (semesteroppgåve).
Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentene til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg perspektiv.
ENG223 er eit valgfritt emne i spesialiseringa i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG223
- ENG261 (semesteroppgåve i språkhistorie)og
- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lys over aspekt ved det engelske språket
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118, ENG109/ENG119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.
Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118 og ENG109/ENG119 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen (4 timar) til skriftleg eksamen heime (5 timar), som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggjande emne i moderne engelsk lingvistikk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no