Emner: GEOF110 Atmosfære-, hav- og klimadynamikk - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring til dynamikken i atmosfæren og havet, og med det grunnlaget for å forstå klimadynamikk. Utgangspunktet for emnet er konservering av masse og rørslemengd og likningane som følgjer frå dette, uttrykt i både ikkje-roterande og roterande koordinatsystem. Fysiske tolkingar av likningane vert gjeven og forenkla uttrykk vert nytta for å forklare, forstå og rekna på, i hovudsak, storskala og fri rørsle i atmosfæren og i havet.

Innhald
Utleiing av dei primitive likningane i eit ikkje-roterande og eit roterande koordinatsystem. Gjennomgang av forenkla likningar (geostrofi, termalvind, verknad av friksjon, mm.) for å skildra og analysera storskala rørsle i atmosfære og hav. Gjennomgang og diskusjon av grunnleggjande momentum- og energibudsjett i atmosfæren. Utgreiing og analyse av havsirkulasjon driven av termohaline gradientar og vind. Gjennomgang av Ekman- og Sverdrupdynamikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT112, MAT131, MAT212, PHYS111 og erfaring med programmering, eks. MatLab eller Python.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar.

Forelesing/ 4 timar pr. veke/ 13 veker

Rekneøving/2 timar pr. veke/ 12 veker

Vurderingsformer

Midtvegseksamen, skriftleg, 2 timar; tel 20% av sluttkarakteren og er gyldig inneværande og påfølgande semester. Slutteksamen, skriftleg, 4 timar; tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått. Må ha deltatt på midtvegseksamen for å få gå opp til slutteksamen.

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@gfi.uib.nostudieveileder@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@gfi.uib.no