Emner: GEOF211 Numerisk modellering - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10 sp.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk. Emnet blir undervist på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.

Undervisningssemester

Vår
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å bruke numeriske metodar til å løyse enkle problem i væskedynamikk. Vi vil drøfte styrke og veikskap til ulike skjema for adveksjon, svingingar og bølgjeprosesser samt diffusjon.

Innhald:
Emnet gir ein oversikt over dei numeriske metodane som vi brukar til å løyse dei partielle differensiallikningane (til dømes gruntvasslikningene) i meteorologi og oseanografi. I tillegg til metodane vi brukar for å løyse startverdiproblem vil emnet òg vise korleis ein kan løyse diagnostiske randverdiproblem med gissing og retting.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

Ferdigheiter
Studenten

Generell kompetanse
Studenten

Krav til forkunnskapar

GEOF110

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til programmering.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av førelesningar, arbeid med praktiske oppgåver og rekneøvingar.

Førelesningar og rekneøvingar, totalt 4 timar pr. veke i 15 veker

Rekneøvingar vert avtala, og finn stad i timar som det elles ville ha vore førelesningar i. Arbeidet med dei praktiske modelloppgåvene er sjølvsstudium, men visse problem knytt til arbeidet kan bli teken opp i førelesningane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

5 godkjende praktiske oppgåver

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Skriftleg, 4 timar

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling og enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@gfi.uib.nostudieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studieveileder@gfi.uib.no