Emner: GEOF334 Fjernmåling i mikrobølgeområdet - Høst 2020




Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master/Ph.D.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.

Undervisningssemester

Vår, emnet går berre dersom nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Oppnå grunnleggjande forståing av korleis ulike fjernmålingsteknikkar i mikrobølgeområdet vert nytta for oseanografi- og sjøisstudium.

Innhald

Det vert gjeven ei detaljert innføring i korleis målingar av passiv og aktiv elektromagnetisk stråling i mikrobølgeområdet vert nytta til å bestemma tilstandar på havoverflata. Døme på dette er vind og bølgjer, straum og straumstrukturar, havnivå, overflatetemperatur og -salthald, og sjøisdrift og -utbreiing. Grunnleggjande teori og empiriske samanhengar for vekselverknaden mellom dei elektromagnetiske mikrobølgjestrålane og overflata vert diskutert og vert satt i samanheng med spektralområde og instrumenttypar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har god forståing av ulike fjernmålingsteknikkar som vert nytta i oseanografi- og sjøisstudier og overvåking.

- har kunnskap om kva for oseanografiske og sjøisstorleikar ein målar i dei ulike spektralområda av mikrobølgeområdet.

- kan skildra teori og empiriske samanhengar for interaksjon mellom mikrobølgestråling og hav- og sjøisoverflata.

- har kunnskap om styrker og svakheiter til fjernmålingsteknikkane i mikrobølgeområdet.

Ferdigheter

Studenten

- kan greie ut om ulike fjernmålingsteknikkar som vert nytta i oseanografi- og sjøisstudier og overvåking.

- kan diskutere korleis den elektromagnetiske strålinga vekselverkar med havoverflata og sjøis.

- kan forklare kva for delar av det elektromagnetiske spektralområdet som vert nytta for å måla ulike oseanografiske og sjøisstorleikar.

Generell kompetanse

Studenten

- kan diskutere vekselverknader mellom elektromagnetisk stråling og havoverflata og sjøis

- kan nytta kunnskap om ulike fjernmålingsteknikkar til å finna relevant informasjon om havoverflata og sjøistilstander og endringar.

- kan visa til korleis oseanografisk kunnskap er styrka gjennom bruk av fjernmåling i mikrobølgeområdet.

- har kjennskap til bruk av satellittbaserte databasar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi, Bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF310

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar i hht oppgitt pensum. Innehald også demonstrasjon og vegleiing på bruk av tilgjengelege satellitt databaser til studie av hav- og sjøis relaterte tilstandar og endringar.

3-4 timar per veke.

I alt 12-13 veke.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no