Emner: GRE203 Gresk: Stilskriving og attiske talere - Vår 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tilbyr eit studium av eit utval tekstar frå dei attiske talarane (særleg Lysias, Demosthenes, Isokrates). Også retoriske tekstar frå keisartida (t. d. Dion Khrysostomos, Ailios Aristeides, Libanios, Gregorios frå Nazianz) kan inngå i studiet.

Det vil óg bli gitt ei innføring i historia til den klassiske retorikken, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.

 

 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har:

- større kjennskap til gresk grammatikk og stilistikk gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne

- tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

- omsetje nivåtilpassa tekstar frå engelsk eller norsk til gresk

- kan analysere, resymere og vidareformidle greske tekstar

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan:
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- formidle kunnskap om grammatiske strukturar i gresk

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Som forkunnskapar i gresk rår ein til at studenten har avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.

 

 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

 

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.

 

 

Arbeids- og undervisningsformer

Skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.

 

Ein enkelttime i veka.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ein heimeeksamen på seks timar, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå engelsk eller norsk til gresk med ordbok, og svare på spørsmål frå andre delar av pensum.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok. Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 100 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side). Minst 50 av desse sidene skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstilling av klassisk retorikk og relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no