Bachelor
Haust og vår
Emnet gir meir djuptgåande kunnskapar innafor eit avgrensa område av gresk språk og litteratur. Det kan gjelde eit område som har inngått i studiet tidlegare (t.d. gresk drama, historiografi eller retorikk), ein ny periode (t.d. ein bysantinsk litteraturgenre), eller eit spesialfelt som epigrafikk.
Kunnskapar
Kandidaten har:
- større kjennskap til gresk grammatikk og litteraturhistorie gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
- tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- utvikle, avgrense og formulere problemstillingar innan et gitt tema
- kartlegge kva forskingslitteratur og kjelder som er relevant for problemstillinga
- analysere forskingslitteratur/kjelder, trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- setje seg inn i ein omfattande faglitteratur
- formidle kunnskap derifrå
- utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid og argumentere for eigne konklusjonar derifrå
Som forkunnskapar i gresk rår ein til at studenten har avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.
GRE254 overlappar med GRE204 (15 stp)
Undervisninga blir gitt i form av individuell rettleiing. Ein rår til at studenten tek del i eventuelle metode- og oppgåveseminar innafor mastergradsstudiet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Munnleg presentasjon av tema og metode ved eit seminar. Obligatorisk rettleiing på bacheloroppgåva.
Bacheloroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg blir gitt etter sensur på bacheloroppgåva og har justerande funksjon med inntil ein karakter opp eller ned.
Karakterskala A-F.