Emner: HEFR395 Masteroppgave i helsefremmende arbeid og helsepsykologi - Høst 2020
Studiepoeng
60.0Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Hovudmålet med mastergradsoppgåva er å kvalifisere til vitskaplege arbeidsformer.
Mastergradsoppgåva skal skrivast som monografi. Studentane vert oppmoda om å omarbeide oppgåva til artikkel etter eksamen. Oppgåva skal fortrinnsvis vere ein empirisk studie. Det er imidlertid også rom for å skrive ei reint teoretisk oppgåve.
Oppgåva kan skrivast på engelsk. For språkbruksreglar vert det vist til APA-manualen.
Læringsutbyte
Generelt læringsutbytte
Etter arbeidet med dette emnet skal studentane ha nådd følgjande generelle læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten:
- har omfattande kunnskap om eit spesifikt tema innan helsefremjande arbeid/helsepsykologi
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan bruke sentrale forskningsprinsipp
- kan analysere problemstillingar og datatilfang på ein systematisk og kritisk måte
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan gi ei nyansert, klar og presis framstilling av eit temaområde.
Spesifikt læringsutbytte
Det vert vidare forventa at kandidaten har nådd følgjande spesifikke læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten:
- har ingåaende innsikt i temaet for mastergradsoppgåva og relevant teori og empiri som kan belyse problemstillingane i oppgåva
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan velje forskingsdesign i tråd med problemstillingane
- kan velje og gjennomføre relevante analysetilnærmingar i tråd med type data og problemstillingar
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan gi ei skriftleg framstilling som belyser dei valde problemstillingane på ein akademisk god og reflektert måte
- kan arbeide sjølvstendig med eit omfattande forskingsarbeid
- har evne til å fremje sjølvstendige vurderingar og refleksjonar knytta til forskningstemaet
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha gjennomført og greidd eksamen i HEFR331, HABA301, HEFR342/MABARN316, HEFR341 og GLODE303 eller GLODE304 (eller HABA302) før dei kan ta HEFR395.
Tilrådde forkunnskapar
Metodekunnskap og akademisk skriving
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett/(masterstudenter) på Masterstudiet i Helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultetet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Mastergradsoppgåva kan vere eit individuelt arbeid eller gjennomførast i gruppe på inntil to studentar. Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid, men vert sterkt tilrådd å inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva skal svare til 60 studiepoeng og vere på 70-90 sider.
Det vil bli gjennomført fellesseminar med relevans for masteroppgåva i haust og vår semesteret. Det vil bli en obligatorisk felles samling med presentasjon av masteroppgaven etter innlevering.
For nærare informasjon om struktur og innhald, sjå Retningslinjer for mastergradsoppgåva i helsefremmende arbeid/helsepsykologi.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det vil bli ei obligatorisk felles samling med presentasjon av masteroppgåva etter innlevering.
Vurderingsformer
Skriftleg innlevering.
Karakterskala
Ved sensur av masteroppgåva nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere individuell for kvar enkelt masteroppgåve.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
HEMIL-senteret
Emneansvarleg
HEMIL-senteret
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studieveileder@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10