Emner: INFO104 Formelle metoder for informasjonsvitenskap - Vår 2020
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet skal gje grunnleggjande kunnskapar om formelle omgrep og metodar nytta innanfor greiner av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studium blant anna i databasar, programmering og kunstig intelligens.
Fagleg innhald:
Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre. Sannsyn og statistikk
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- har teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep knytt til logikk, mengdelære, relasjonar, funksjonar, grafar og tre, sannsyn og statistikk
- kan gjere greie for til eit utval av andre relevante omgrep som byggjer på desse.
- har kjennskap til matematiske/formelle uttrykksformer og resonnement.
- har grunnleggjande forståing av formalisering som metode og områda der denne vert nytta.
Ferdigheit
Studenten
- kan gjengi og forklare omgrep og resultat.
- kan forklare, evaluere og vurdere uttrykk og resonnement der desse vert nytta.
- mestrer formelle uttrykksformer og metodar i eit spekter av samanhengar; frå konkret bruk i programmering, datahandtering og modellering til abstrakt bruk gjennom formalisering av enklare fenomen.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO102, 5 studiepoeng mot INFO103, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131.
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar forelesing og 2 timar gruppeøving i ca. 14 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
- Obligatorisk deltaking: Oppmøte på gruppeøvingar (minst 80%).
Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.
Oppdatert: Ingen krav til obligatorisk oppmøte våren 2020.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Oppdatert: Skuleeksamen blir gjennomført som 3 timar skriftleg eksamen heime (inspera digital eksamen) våren 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærar kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@ifi.uib.no