Norsk
Haust og vår
Emnet gjev innføring i programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program og forstå grunnleggjande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, blant anna variable, tal- og tekst-operasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer, klassar og elementære prinsipp for objekt-orientering.
Emnet gjev ei praktisk innføring i programmeringsspråket Python.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Ferdigheit
Kandidaten
INFO100 eller tilsvarande.
Førelesingar, labøvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i 14-16 veker).
Oppgåvene er gyldige i fire semester etter det semesteret dei har vore godkjende.
4 timar karaktersett skriftleg eksamen.
Oppdatert: Skuleeksamen blir gjennomført som 3 timar skriftleg eksamen heime (inspera digital eksamen) våren 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Oppdatert: Våren 2020 kan studentane velje karakterskala, bokstavkarakterar (A-F) eller bestått/ikkje bestått. Karakterskala veljast før sensur blir publisert. Ved gyldig fravær på eksamen vil ny eksamen til hausten ha same karakterskala som valt våren 2020. Sjå utfyllande informasjon i Mitt UiB.