Emner: KUVI350 Mastergradsoppgave i kulturvitenskap - Vår 2020
Studiepoeng
60.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
UiB
Mål og innhald
Masteroppgåva er ei større sjølvstendig fagleg undersøking. I dette arbeidet fordjupar studenten seg i eit kulturvitskapleg problemfelt. Oppgåva er ei empirisk undersøking. I arbeidet med masteroppgåva blir studentane sine metodiske og forskingsetiske kunnskapane ferdigheitene frå KUVI306 prøvd ut i praksis ved at dei hentar inn og handterer eit omfattande empirisk materiale. Samtidig vil dei teoretiske kunnskapane og analytiske ferdigheitene frå KUVI301 vere eit grunnlaget å forme oppgåvas perspektiv. Arbeidet med masteroppgåva er ei fagleg modningsprosess og oppgåva skal vise sjølvstendighet i teoribruk, metodebruk og fagleg refleksjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- er ekspert på eit kulturelt fenomen.
- har innsikt i fagtradisjonar og aktuell kulturteori.
- har inngåande teoretiske og metode kunnskapar.
- har inngåande forskingsetiske kunnskapar.
Ferdigheiter
Studenten:
- har evne til å innhente, systematisere og analysere eit stort empirisk materiale for å svare på ei problemstilling.
- har evne til å lage sjølvstendige problemstillingar,
- har evne til å gjere breie litteratursøk,
- har evne til å plassere eiga arbeid inn i ei større fagleg kontekst.
Generell kompetanse
Studenten:
- har evne til å problematisere og reflektere om omgrep, teori, metode og forskingsetikk.
- har kompetanse i skriftleg formidling av eiga fagleg arbeid og eigne funn.
- har kompetanse i å disponere, strukturere og skrive ei stor akademisk tekst.
Krav til forkunnskapar
For å levere mastergradsoppgåva må studenten ha avlagt og greidd kursdelen på masterstudiet, det vil seie eksamen i emna KUVI301, KUVI302, KUVI305, KUVI306 og AHKR300.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterprogrammet i kulturvitskap ved AHKR.
Arbeids- og undervisningsformer
Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet har rett og plikt til individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal ta del i masterseminar med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar. Det er obligatorisk med minst 70 prosent oppmøte over to semester.
Studenten skal óg ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.
Vurderingsformer
Mastergradseksamen består av mastergradsoppgåva (70 - 110 sider) og ei munnleg prøve med utgangspunkt i oppgåva. Mastergradsoppgåva skal vere instituttet i hende innan 1. februar eller 15. mai i vårsemesteret og innan 1. september eller 20. november i haustsemesteret. Saman med mastergradsoppgåva skal det leverast intervjuutskrifter og mediemateriale, dersom slike er nytta som materiale. Den munnlege prøva kan justera karakteren på oppgåva opp eller ned ein karakter.
Våren 2020 blir munnleg eksamen avvikla digitalt. Praktisk informasjon om plattform blir lagt ut i Mitt UiB.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no