Bachelor
Kunnskapar
Kandidaten har:
- større kjennskap til latinsk grammatikk og litteraturhistorie gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
- tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- utvikle, avgrense og formulere fruktbare problemstillingar innan temaet
- kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga
- analysere forskingslitteratur/kjelder, trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- setje seg inn i ein omfattande faglitteratur
- formidle kunnskap derifrå
- utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid og argumentere for eigne konklusjonar derifrå
Som forkunnskapar i latin rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
LAT251 overlappar med LAT201 (15 stp)
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.
26 timar (ein dobbelttime i veka).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk rettleiing knytt til bacheloroppgåva.
Ei bacheloroppgåve under rettleiing og munnleg eksamen. Bacheloroppgåva må ha blitt godkjend for at kandidaten skal kunne gå opp til munnleg eksamen. Endeleg sensur blir gitt etter munnleg eksamen. Det blir gitt ein samla karakter på oppgåva og den munnlege eksamenen.