Emner: LING123 Språk og data - Vår 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet tek føre seg det formelle grunnlaget for beskriving av språk og datamaskinelle metodar for behandling av språk. Målet er å sette studentar i stand til å tenke på ein matematisk presis måte når ein karakteriserer eit språk og å bruke dataverktøy for å prosessere språk.

Emnet tar utgangspunkt i mengdelære og logikk og gir ein innføring i formelle metodar i lingvistikken. Emnet gjev også ei innføring i koding av tekst og tale, i elektroniske språkressursar (spesielt korpus), i språkprosessering og i språkteknologiske bruksområde. Dette emnet eignar seg for studentar i lingvistikk, informatikk eller kognisjonsvitskap.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Kandidaten kan gjengi og gjere greie for dei grunnleggjande formelle metodane som vert nytta innanfor forsking og utvikling i syntaks, semantikk og språkprosessering, særleg syntaktisk og morfologisk analyse, til dømes:

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

MNF130 10 stp., DASP107 5 stp., DASP130 10 stp.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Dei spesifikke måla blir nådd gjennom deltaking i undervisninga, sjølvstudium og øving. Samla undervisning utgjer omkring 26 timar førelesingar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om dette ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

 Studentane skal levere ei mappe beståande av 3 delar. Innhald og problemstilling for kvar del vert gitt fortløpande.

Omfanget av kvar del skal vere mellom 600 og 1200 ord (utanom evt. data i vedlegg og referansar).

Alle delane dannar grunnlag for ein samla karakter og blir vekta likt.

Vurdering vil skje fortløpande gjennom semesteret.

Alle delar må vere bestått (karakter A-E) for at eksamenen er bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Hjelpemiddel det er lov å nytta: pensum, bibliotekressursar, referansar angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siteras.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum består hovudsakleg av beskrivingar av formelle og datamaskinelle metodar, ca. 500 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

E-post: mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no