Emner: MED7 Sjuende semester medisinstudiet - Vår 2020




Studiepoeng

27.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Emnet for 7. semester gir studentane inngåande kunnskap om sjukdom og skade innanfor fagområda nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, auge og øyre-nase-hals. Det blir undervist i generell undersøkingsteknikk knytt til fagområda, og det blir lagt vekt på tydinga av symptombasert diagnostikk og oppstart av behandling.

 

Studentane skal også 4 veker i psykiatriutplassering ved ei psykiatriavdeling på eit sjukehus. Studentane skal då følgje pasientar frå innkomst og gjennom opphaldet eller eventuelt polikliniske konsultasjonar. Dei skal også vere med når pasienten blir undersøkt og behandla, og når lege har samtale med pasienten.

 

Integrert i emnet ligg også oppstartseminar for særoppgåve og utarbeiding av prosjektskildring for denne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Etter gjennomført semester har studenten kunnskap om:

 

Ferdigheiter

Etter gjennomført semester kan studenten:

 

Generell kompetanse

Etter gjennomført semester skal studenten:

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt i form av førelesningar, pasientdemonstrasjonar, TBL, gruppeundervising med innøving av undersøkingsteknikk og undersøking av pasientar. Ein føreset stor eigenaktivitet frå studentane si side når det gjeld å utøve undersøkingsteknikk på kvarandre.

 

Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjent for å få gå opp til semestereksamen.

Grunna utbrotet av COVID-19 (koronavirus) vil desse undervisningsaktivitetane ikkje vere obliogatoriske for vårsemesteret 2020 med heimel i studietilsynsforskrifta § 2-7.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

Det blir gitt ein samla karakter for semesteret, der skriftleg eksamen tel 70 % og munnleg 30 %.

 

Grunna utbrotet av COVID-19 (koronavirus) vil det for vårsemesteret 2020 vere endringar i vurdering med heimel i studietilsynsforskrifta § 2-7:

 

Våren 2020 er dette vurderingsforma i emnet:

¿             Digital skriftleg heimeeksamen (5 timar) med spørsmål frå alle tema for 7. semester.

Det blir gitt ein samla karakter for semesteret.

 

Følgande vurderingsdel utgår og er ikkje ein del av vurderinga våren 2020:

¿             Munnleg/praktisk eksamen

Karakterskala

A-F

Grunnet utbruddet av COVID-19 (koronavirus) vil det for vårsemesteret 2020 benyttes karakterskala bestått/ikke bestått med hjemmel i studietilsynsforskriften § 2-7.

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.

Programansvarleg

Programutvalet for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Semesterstyret for MED7.

Emneansvarleg institutt: Klinisk institutt 1

Administrativt ansvarleg

Emneansvarleg institutt: Klinisk Institutt 1

studie@kliniskmedisin.uib.no

Kontaktinformasjon

Klinisk institutt 1

studie@kliniskmedisin.uib.no