Emner: MEDEPI Epidemiologi - Vår 2020
Studiepoeng
2.0Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Epidemiologi er læra om sjukdommar og sjukdomsframkallande faktorar si utbreiing i befolkninga (deskriptiv epidemiologi) som vert studert med formål å avdekke årsaker til sjukdom (analytisk epidemiologi). Epidemiologi er eit metodefag for medisinsk årsaksforsking. Faget omfattar også kunnskap om dei ulike sjukdommane si utbreiing i tid, stad og for personar. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap relevant for førebygging. Metodegrunnlaget kan også rettast mot helsefremmande faktorar og dermed gi kunnskap relevant for helsefremmande arbeid.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført emne kjenner studenten til:
- grunnleggande epidemiologisk metode
- metodegrunnlag relevant for førebygging og helsefremmande arbeid
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten:
- diskutere hovudtypane av studiedesign og deira styrke og ulemper
- forstå mål på førekomst av sjukdom, mål på assosiasjonar, effektmodifikasjon/interaksjon, og prinsipp for screening
- vurdere moglege feilkjelder og kausalitet i publiserte studiar
- bruke kunnskapen til sjølv å kunne planlegge og gjennomføre slike studiar
Generell kompetanse
Etter fullført emne har studenten
- nødvendig faktakunnskap for sjølvstendig å kunne vurdere publiserte studiar knytt til medisinsk årsaksforsking
- evne til å reflektere kritisk over vitskapeleg litteratur og kunne delta i diskusjonar
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MED5 - 2 studiepoeng
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi eller eit av dei 2-årige masterprogramma ved Det medisinske fakultet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar og øvingar i grupper der ein kritisk analyserer konkrete publiserte studiar i form av tidsskriftartiklar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Individuell test i auditorium
Rettleia gruppearbeid
Vurderingsformer
Gruppeeksamen med skriftlig innlevering, ca. 5 studentar per oppgåvesvar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
Fullt overlapp med MED5 (2 stp).
Litteraturliste
Lærebøker og vitskaplege artiklar.
Emneevaluering
Evaluering med rapport til studiekvalitetsbasen kvart 3. år i samsvar med UiB sitt Kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin v/ faggruppe for epidemiologi har ansvar for fagleg innhald.
Emneansvarleg: http://www.uib.no/personer/Tone.Bjorge@uib.no
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studie@igs.uib.no