Emner: MOL100 Innføring i molekylærbiologi - Vår 2020
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Vår.Emnet går våren 2020. Deretter blir undervisningssemesteret haust. Emnet går hausten 2020.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ei oversikt i moderne molekylærbiologi med spesiell vekt på ei kjemisk, genetisk og evulosjonær tilnærming til forståing av biologiske prosessar og system. Det blir gitt ein introduksjon til oppbygging av celler og skilnaden på pro- og eukaryote organismar, modelorganismar, genetikk, biomolekyl, proteinstruktur, enzymologi, metabolisme, bioenergetikk, fotosyntese, replikasjon, transkripsjon, translasjon, ernæring, sjukdom og helse, bioteknologi og molekylærbiologisk metodologi. Det blir fokusert på felles molekylærbiologiske prinsipp og prosessar i ulike organismar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- kan forklare grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi som til dømes biologisk evolusjon, biologisk informasjon, arv og energiomsetting på ein forståelig måte
- kan gjere greie for de mest vanlige modellorganismane som brukas i molekylærbiologisk forsking
- kan forklare oppbygging til strukturar som finst i prokaryote og eukaryote organismar og gjere greie for funksjonane deira
- kan gje ei enkel forklaring av makromolekyla sin struktur og funksjon
- kan forklare korleis arvestoffet vert kopiert, korleis RNA og protein vert laga, og korleis cella regulerer genutrykking
- kan gjere greie for korleis celler bruker og genererer energirike forbindelsar
- kan forklare prinsippa for sentrale metodar i celle- og molekylærbiologi på ein forståelig måte
Ferdigheit:
Studenten
- kan meistre bruk av grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi, arv og metabolisme
- kan analysere og tolke enkle celle- og molekylærbiologiske datasett
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle på ein enkel måte grunnleggjande kunnskap i basal celle- og molekylærbiologi
- kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av molekylærbiologisk forsking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
KJEM100 og/eller KJEM110
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske kollokvia.
Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Våren 2020 vert midsemestereksamen (2 timer) utført som digital heimeeksamen grunna Korona situasjonen.
Digital skriftleg skuleeksamen 3t (80%). Midtsemestereksamen og skriftleg skuleeksmen er berre gyldig same semester som dei vert gjenomført. Alle eksamenane må vere fullført, og obligatorisk aktivitet godkjent, for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.
For semester utan undervisning kan studenten avleggje avsluttande eksamen dersom dei har godkjend obligatorisk aktivitet. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.
Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Lærebøker, undervisningsmateriell, eigne notatar og internett er tillate under skriftleg skuleeksamen heime, saman med enkel kalkulator is amsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar. Under skuleeksamen -heime er det ikkje lov med samarbeid med medstudent(ar) eller andre. Vidare er det viktig å ikkje forstyrre medstudentar under eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no