Emner: MOL221 Eksperimentell molekylærbiologi I - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Dette emnet vil gje studentane teoretisk og praktisk introduksjon til viktige metodar og teknikkar i biokjemi og molekylærbiologi. Desse inkluderer arbeid med biokjemisk og molekylærbiologisk laboratorieutstyr, biologiske løysningar og buffer, spektrofotometrisk analyse, enzymologi og demonstrasjonar av aktuelle forskingsaktivitetar ved instituttet. Studentane vil læra dei fysiske og kjemiske prinsippa bak dei analytiske metodane.

 

Samstundes med dei praktiske aspekta ved emnet vil det også verta lagt vekt på design og førebuing av eksperimentelt arbeid og dokumentasjon, kritisk evaluering, og kvalitativ og kvantitativ analyse av resultata. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid blir og vektlagt.

 

Emnet har som mål å gje basalkunnskap i eksperimentell biokjemi og molekylærbiologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

MOL100, KJEM110 og eitt av emna MOL200/MOL203/BIO103.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Forelesningar og laboratoriekurs m/rapport og lab.-førebuing. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Grunna koronavirus situasjonen vert eksamen våren 2020 gjenomført som digital skriftleg skuleeksamen . Eksamenstid: 2,5 time (inkluderer 0,5 teknisk tid).

Hjelpemiddel: Enkel kalkulator tillat, i samsvar med fakultetets regler.

Hjelpemiddel til eksamen

Lærebøker, undervisningsmateriell, eigne notatar og internett er tillate under skriftleg skuleeksamen heime, saman med enkel kalkulator is amsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar. Under skuleeksamen -heime er det ikkje lov med samarbeid med medstudent(ar) eller andre. Vidare er det viktig å ikkje forstyrre medstudentar under eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MOL202: 10 sp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no