Emner: NOR-U1 Kurs i norsk språk og kultur for fremmedspråklige studenter, trinn 1 - Høst 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 

 

Undervisningsspråk

Norsk bokmål

Undervisningssemester

Haust/Vår

 

 

 

 

Undervisningsstad

 Bergen

 

 

Mål og innhald

Norskkursene gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

Målgruppa for NOR-U1 er nybegynnarar eller personar med lite forkunnskapar i norsk.

Emnet er større enn NOR-INTRO og passar for dei som vil ta fleire norskkurs.

Emnet skal gjere studentane i stand til å forstå tydeleg norsk tale om tema frå daglegliv og studentliv og føre ein samtale på norsk om dei same emna. Det blir lagt vekt på at deltakarane skal kunne lese enkle autentiske tekstar på norsk og uttrykke seg skriftleg om tema knytta til daglegliv og studentliv.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

 

Ferdigheiter

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

 

 

 

Tilrådde forkunnskapar

 

 

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U1, NOR-INTRO og NOR-U1/2.

NOR-U1 kombinert med NOR-INTRO vil gi 15 studiepoeng til saman.

NOR-U1 kombinert med NOR-U1/2 vil gi 30 studiepoeng til saman.

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 80 timar med undervisning.

Det forventast at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Deltakarane skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen og munnleg eksamen til skriftleg heimeeksamen og munnleg online eksamen. Dette er gjort som tiltak mot spreiing av koronavirus. Det blir gitt ein samla karakter, og både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått. Begge eksamensdelane må gjennomførast same semester. Munnleg del av eksamen varar ca. 15 minutt (eventuell førebuingstid kjem i tillegg) og består av ein samtale mellom eksaminator og ein eller to studentar. Skriftleg del av eksamen varar i 3 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

På grunn av korona-tiltak og bruk av skriftleg heimeeksamen som vurderingsform er karakterskalaen hausten 2020 endra frå A -F til bestått / ikkje bestått. Resultatet bestått svarar til karakterane A -E, medan ikkje bestått svarar til F.

 

 

 

 

Vurderingssemester

Haust/Vår

 

 

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel være tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarlig.

 

 

 

 

 

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no