Emner: NOR-U1/2 Kurs i norsk språk og kultur for fremmedspråklige studenter, trinn 1+2 - Høst 2020




Studiepoeng

30.0

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

 

 

Undervisningsspråk

Norsk bokmål

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

 Bergen

 

 

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U1/2 er eit intensivkurs som dekkjer emna NOR-U1 og NOR-U2 på eitt semester.

Kurset har rask progresjon.

I første del av kurset blir det arbeidd med tema og vokabular rundt eigen person, studiesituasjon, mat, klede, bustad, ver, fritidsaktivitetar og andre daglegdagse situasjonar og hendingar.

Seinare i kurset blir det brukt tekstar med emne knytta til daglegliv og studentliv og etter kvart tekstar med meir allmenne emne og frå norsk kultur og samfunnsliv.

Det blir arbeidd med sentrale delar av norsk morfologi, syntaks og uttale.

Diskusjon og skriftleg framstilling om allmenne emne inngår som viktige arbeidsformer. Studentane kan halde korte innlegg om sjølvvalde tema.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Ferdigheiter

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U1/2 og emna NOR-INTRO, NOR-U1 og NOR-U2. NOR-U1/2 kombinert med eitt av desse emna vil derfor berre gi 30 studiepoeng til saman.

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 100 timar med undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Dei skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Hausten2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen og munnleg eksamen til skriftleg heimeeksamen og munnleg online eksamen. Dette er gjort som tiltak mot spreiing av koronavirus. Det blir gitt ein samla karakter, og både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått. Begge eksamensdelane må gjennomførast same semester.

Munnleg del av eksamen varar ca. 20 -25 minutt (eventuell førebuingstid kjem i tillegg) og består av ein samtale mellom eksaminator og ein eller to studentar.

Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8. Studentar som har vore oppmeldt i NOR-U1/2 tre gongar, kan ikkje melde seg opp til undervisning og eksamen verken i NOR-U01, NOR-U1 eller NOR-U2 på grunn av fagleg overlapping.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

På grunn av korona-tiltak og bruk av skriftleg heimeeksamen som vurderingsform er karakterskalaen hausten 2020 endra frå A-F til bestått / ikkje bestått. Resultatet bestått svarar til karakterane A -E, medan ikkje bestått svarar til F.

 

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel være tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emne ansvarlig.

 

 

 

 

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no