Norsk bokmål
Haust/Vår
Bergen
Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål
NOR-U2 er eit kurs på mellomnivå og bygger på NOR-U1.
På kurset blir det arbeidd med tema og vokabular rundt studium og studentliv, men også med tekstar relatert til norsk kultur og aktuelle tema frå norsk samfunnsliv
Det blir arbeidd med sentrale delar av norsk morfologi, syntaks og uttale.
Diskusjon og skriftleg fremstilling om allmenne emne inngår som viktige arbeidsformer, og studentane kan halde korte innlegg om sjølvvalde tema.
Kursa kan kombinerast på følgjande måte:
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ferdigheiter
Generell kompetanse
For meir informasjon om opptak:
Studentar, innvandrarar/flyktningar:
http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs
Tilsette ved UiB:
http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene
Kurset har ca. 80 timar med undervisning.
Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane
Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.
Dei skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.
Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.
Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen og munnleg eksamen til skriftleg heimeeksamen og munnleg online eksamen. Dette er gjort som tiltak mot spreiing av koronavirus. Det blir gitt ein samla karakter, og både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått. Begge eksamensdelane må gjennomførast same semester.
Munnleg del av eksamen varar ca. 20 -25 minutt (eventuell førebuingstid kjem i tillegg) og består av ein samtale mellom eksaminator og ein eller to studentar.
Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.
Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8. Studentar som har vore oppmeldt i NOR-U2 tre gongar, kan ikkje melde seg opp til undervisning og eksamen verken i NOR-U1/2 eller NOR-U2/3 på grunn av fagleg overlapping.
På grunn av korona-tiltak og bruk av skriftleg heimeeksamen som vurderingsform er karakterskalaen hausten 2020 endra frå A -F til bestått / ikkje bestått. Resultatet bestått svarar til karakterane A -E, medan ikkje bestått svarar til F.
Haust/Vår
Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Det kan for eksempel vere tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarleg.