Emner: NOR-U2 Kurs i norsk språk og kultur for fremmedspråklige studenter, trinn 2 - Vår 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

 

 

Undervisningsspråk

 Norsk bokmål

 

 

Undervisningssemester

 Haust/Vår

 

 

Undervisningsstad

 Bergen

 

 

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U2 er eit kurs på mellomnivå og bygger på NOR-U1.

På kurset blir det arbeidd med tema og vokabular rundt studium og studentliv, men også med tekstar relatert til norsk kultur og aktuelle tema frå norsk samfunnsliv

Det blir arbeidd med sentrale delar av norsk morfologi, syntaks og uttale.

Diskusjon og skriftleg fremstilling om allmenne emne inngår som viktige arbeidsformer, og studentane kan halde korte innlegg om sjølvvalde tema.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Ferdigheiter

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

NOR-U1 eller tilsvarande kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U2 og emna NOR-U1/2 og NOR-U2/3. NOR-U2 kombinert med NOR-U1/2, eller NOR-U2/3 vil derfor berre gi 30 studiepoeng til saman

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 80 timar med undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Dei skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Våren 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen og munnleg eksamen til skriftleg heimeeksamen og munnleg online eksamen. Dette er gjort som tiltak mot spreiing av koronavirus. Det blir gitt ein samla karakter, og både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått. Begge eksamensdelane må gjennomførast same semester.

Munnleg del av eksamen varar ca. 20 -25 minutt (eventuell førebuingstid kjem i tillegg) og består av ein samtale mellom eksaminator og ein eller to studentar.

Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

 

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8. Studentar som har vore oppmeldt i NOR-U2 tre gongar, kan ikkje melde seg opp til undervisning og eksamen verken i NOR-U1/2 eller NOR-U2/3 på grunn av fagleg overlapping.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

På grunn av korona-tiltak og bruk av skriftleg heimeeksamen som vurderingsform er karakterskalaen våren 2020 endra frå A -F til bestått / ikkje bestått. Resultatet bestått svarar til karakterane A -E, medan ikkje bestått svarar til F.

 

 

Vurderingssemester

 Haust/Vår

 

 

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel vere tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarleg.

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no