Emner: NOR-U4 Kurs i norsk språk og kultur for fremmedspråklige studenter, trinn 4 - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Norsk bokmål

 

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U4 er for viderekomne og bygger på NOR-U2/3 eller NOR-U3.

Emnet skal gjere deltakarane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med autentiske tekstar med eit relativt høyt språkleg nivå, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil gjennom aktiv deltaking få kunnskap om og innsikt i tema som norsk språk og litteratur og nokre aktuelle samfunnsspørsmål.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ferdigheiter

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Søkerne må ha karakteren A, B eller C frå NOR-U2/3, NOR-U3 eller tilsvarande kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Talet på plassar er avgrensa. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta kurset NOR-U4, enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karakter.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 50 timer undervisning.

Det blir forventet at studentane er forberedt og deltar aktivt i timene.

Det blir ikke undervisning på dette emnet dersom det ikke er mange nok søkere.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakere som er borte fra kurset mer enn 25 %, vil ikke få gå opp til eksamen.

De skal i løpet av kurset levere minst tre skriftlige oppgaver og holde et innlegg om et faglig emne.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og de påfølgende to semestrene.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Våren 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen og munnleg eksamen til skriftleg heimeeksamen og munnleg online eksamen. Dette er gjort som eit tiltak mot spreiing av koronavirus. Vektingsforholdet mellom munnleg eksamen og skriftleg eksamen er også endra. Munnleg del av eksamen vil telje ca. 60% og skriftleg del av eksamen vil telje ca. 40%. Begge eksamensdelane må gjennomførast same semester. Det blir gitt ein samla karakter, og både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

 

Munnleg del av eksamen varar ca. 30 minutt (eventuell førebuingstid kjem i tillegg) og er ein samtale mellom kandidat og eksaminator.

Skriftleg del av eksamen varar i 4 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

 

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A til F

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Pensumliste kunngjøres ved semesterstart.

Tekstmaterialet vil bestå av skjønnlitteratur, sakprosa og aktuelle avisartikler samt ulike typer oppgaver. Dette kan være en lærebok eller et kompendium. Studentene trenger også ordbok og grammatikkbok.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret for norskkursa har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for norskkursa

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske

Kontaktinformasjon

studynorwegian@uib.no