Bachelor
Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
Emnet gjev ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv kopla til både talespråk og skriftspråk.
Sentrale tema er tekstbinding, teksttype og sjanger, tekst i kontekst, andrespråksskriving og kontrastiv retorikk, språkfunksjonar og språkhandlingsteori.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Dugleik
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Ingen
EXFAC Språk og kommunikasjon
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningstype og -mengd:
Undervisninga er på om lag 26 timar. Undervisninga kan bli lagd i bolkar innanfor kvar av delane.
Studentkollokvium 2 timar i veka organisert av faglærar, helst i samanheng med undervisninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Våren 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen på 4 timar til seks timars skriftleg eksamen heimefrå på same eksamensdato, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Karakterskala A - F.
Pensumet er på om lag 750 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.
Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium