Emner: NORMAU651 Fellesemne: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling - Høst 2020




Studiepoeng

0.0

Studiepoeng, omfang

0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Deltid.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svenska kan og verte nytta.

Undervisningssemester

Gjennomgåande emne i studiet 2.-5. semester.

Vurderingssemster haust 5. semster.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal få eit grunnlag for å planleggje arbeidet med ei masteroppgåve. Emnet skal avsluttast med ei prosjektskisse for masteroppgåva.

Prosjektskissa inngår som innleiande del av arbeidet med masteroppgåva.

Studenten får rettleiing undervegs og skal leggje arbeidet fram på prosjektseminar. Ein føreset at studenten òg er med på drøftingar av planane til medstudentar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

¿ har inngåande kunnskap om eit sjølvvald felt som er relevant for studiet

¿ har kunnskap om form, innhald og arbeidsmåtar som er relevante for ei masteroppgåve i studiet

 

Ferdigheiter:

 

Generell kompetanse

¿ har innsikt i dei komponentane som trengst i arbeidet med ei masteroppgåve i studiet

¿ på kritisk og reflekterande måte kunne kople eit erfaringsbasert praksisperspektiv til arbeidet med masteroppgåveprosjekt

Krav til forkunnskapar

Alle emna som inngår i halvdelen av masterprogrammet må vere gjennomførde. 

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Emnet har full overlapp med NORMAU644 Fellesemne: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling.

Krav til studierett

Opptak til det erfaringsbaserte masterstudiet i undervisning med fordjuping i norsk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i fellesemnet vil vere knytt til fagsamlingar i løpet av 2.-5. semesteret. Samlingane vil normalt vere samansette av førelesingar, arbeidsseminar, skriveverkstad og studentpresentasjonar.   

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Rettleiing på prosjektskissa frå ein faglærar er obligatorisk. I det siste semesteret skal studenten presentere masterprosjektet sitt. Konkretisering av dei obligatoriske kursoppgåvene går fram av semesterplanen.

Vurderingsformer

Ei rettleidd prosjektskisse til masteroppgåva med eit omfang på 4000-5000 ord. Prosjektskissa skal ha ei overordna problemformulering og klår avgrensing av temaet, gjerne òg arbeidshypotesar. Det skal gjerast greie for relevant metode/modell, kjelder og mogeleg datagrunnlag. Prosjektskissa skal dokumentere kjennskap til relevant faglitteratur og ha eit utkast til bibliografi. Det skal skisserast ein framdriftsplan for masteroppgåva.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir det nytta greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust. 5. semester.

Litteraturliste

Studentane pliktar å skaffe seg kjennskap til den faglitteraturen som deltaking i undervisning, obligatoriske aktivitetar og prosjektskisseskriving krev. Den ferdig innleverte prosjektskissa skal ha ei litteraturliste som speglar det teoretiske, metodiske og faghistoriske grunnlaget for masterprosjektet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

evu@lle.uib.no