Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
har kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang
kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå
Undervisninga tilsvarar éin dobbeltime førelesing i veka i 13 veker, men kan bli fordelt annleis.
Undervisninga har delvis seminarform. Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Ei skriftleg oppgåve over oppgitt emne på ca. 1000 ord til fastsett frist. Oppgåva blir kunngjord sju dagar før fristen. Studenten vel målform sjølv. Faglærar gir fyldig munnleg tilbakemelding på oppgåva, både om innhald og språkføring.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Våren 2020 er vurderingsforma endra frå ein skriftleg eksamen på seks timar til seks timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid , som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Oppgåva blir gitt med det som føresetnad at studentane har delteke på undervisninga.
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klare innan 1. desember.
Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.