Bachelor
Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.
Innhald:
Emnet har to hovudtema: grammatikk (morfologi og syntaks) og ordkunnskap. I tillegg kjem mindre innslag av fonetikk/fonologi og tekstkunnskap.
Desse temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og kva særtrekka betyr i innlæring av norsk som andrespråk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell
kompetanse:
Kunnskap
Studenten
har grunnleggande kunnskap om artikulatorisk fonetikk og om norsk fonologi
har brei og god kunnskap om moderne norsk grammatikk (morfologi og syntaks) og metodar for morfologisk og syntaktisk analyse
har god kunnskap om ordbetydning og strukturen i ordtilfanget
har kunnskap om nokre sentrale språklege drag ved tekstar
har noko kunnskap om likskapar og skilnadar mellom norsk og andre språk, særleg innanfor grammatikken (morfologi og syntaks)
har noko kunnskap om andrespråkslæring, innlærarspråk og utfordringar i læring av norsk
Ferdigheiter
Studenten
kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
kan bruke enkel elektronisk programvare i framstilling av morfologiske og syntaktiske analysar
skriv korrekt og godt bokmål
Generell kompetanse
Studenten
kan gjennomføre faglege oppgåver under rettleiing og formidle resultata skriftleg
kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk og om norsk som andrespråk
Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg bokmål.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Førelesingar og pensumarbeid
Det blir gitt førelesingar i form av korte videoførelesingar tilgjengelege på Mitt UiB og/eller tradisjonelle førelesingar i auditorium.
Studentane les pensum og ser/går på førelesingar i forkant av oppgåveseminara slik at dei har sett seg inn i det aktuelle lærestoffet.
Oppgåveseminar
Oppgåveseminar: om lag 44 timar per student. Seminara er i hovudsak organiserte som to dobbeltimar i veka, men justerte i høve til feriar og liknande.
Studentane blir plasserte i klassar. Talet og storleiken på klassane er avhengig av studenttalet og tilgjengelege lærarressursar. Den emneansvarlege fastset maksimalstorleiken på klassane. Studentane melder seg på ein føretrekt klasse innan fastsett frist. Studentar som ikkje melder seg til nokon klasse, blir plasserte i ein klasse av den emneansvarlege, og det same gjeld studentar som det ikkje er plass til i føretrekt klasse.
Klasselæraren deler klassen inn i mindre grupper av studentar som arbeider saman. Læraren kan omgruppere ved behov.
I seminara arbeider studentgruppene med oppgåver i tilknyting til lærestoffet. Studentane skal ha sett seg inn i lærestoffet på førehand. Læraren gir i liten grad fellesundervisning, men korte innleiingar og avrundingar og innlegg om vanskelege tema blir gitt ved behov.
På slutten av kvar dobbeltime leverer éin student frå kvar gruppe skriftleg svar på oppgåvene gruppa har arbeidd med.
Lågt studenttal
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å møte fram på minst 75 % av oppgåveseminara.
Kvar student må levere minst to oppgåvesvar som omtalt for oppgåveseminara (jf. under «Arbeids- og undervisningsformer»). Tekstane skal skrivast på bokmål.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
7 dagars heimeeksamen på 4000-5000 ord. Eksamenssvaret skal skrivast på bokmål.
Karakterskala A - F.
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk og norsk som andrespråk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium