Emner: SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging - Høst 2020
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for og stadia i stats- og nasjonsbygging i Norden, Europa elles og andre delar av verda. Vidare skal emnet gje ei integrert innføring av denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom.
Emnet gjev ei teoretisk innføring i dei historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging. Det gir ei empirisk skildring av nordiske og europeiske politiske system og deira utvikling og struktur, og samanliknar denne utviklinga med døme frå andre delar av verda. Gjennom dette gjev emnet ei brei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging på tvers av regionar. Det vert gjeve ein oversikt over fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system og konfliktlinjer som ligg til grunn for partisystem. Emnet legg vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan blir forklart.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- skildre dei grunnleggjande historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging i Norden og Europa, og kontrastera desse ved døme frå andre regionar i verda
- skildre empirisk politiske system og deira utvikling og struktur, og sjå denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom
Ferdigheiter
Studenten kan
- analysere samspelet, utviklinga og variasjonane i stats- og nasjonsbygging i Norden og Europa
- sjå dei nordiske og andre europeiske stats- og nasjonsbyggingsprosessane i lys av likande prosesser i andre delar av verda
- samanlikne land med vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast
Generell kompetanse
Studenten kan
- halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
Tilrådde forkunnskapar
SAMPOL100
Studiepoengsreduksjon
- SAMPOL110 (10 sp)
- SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107 har 10 studiepoeng overlapp med SAMPOL120
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: rundt 6
Mengd veker: rundt 14
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar (minimum 75 %) og ei emneoppgåve (2000-3000 ord).
Begge undervisningsaktivitetane må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Seks timar skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F vert nytta.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
studieveileder@isp.uib.no / 55583316
Institutt
Institutt for samanliknande politikk