Emner: SAMPOL106 Politiske institusjoner i etablerte demokrati - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet omhandlar korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati, med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer i dei Nordiske og andre Europeiske landa. Studentane får innføring i korleis statsmaktene er innretta og korleis dei fungerer i høve til kvarandre, med vekt på konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning, og statens territorial-administrative struktur. Undervisninga dekker vidare tema som partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar, samt korleis korporatisme og velferdsløysingar fungerer mellom ulike land. I emnet vert desse tema illustrert med empiri henta frå etablerte demokrati, særleg i Norden og Europa.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Form: Førelesingar og seminar

Timer per veke: rundt 4

Mengd veker: rundt 14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar (minimum 70 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500 ord.

Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Oppdatert: Ingen krav til obligatorisk oppmøte våren 2020.

Vurderingsformer

Seks timar skriftleg skuleeksamen.

Vurderingsform endra frå skuleeksamen til heimeeksamen våren 2020 som del av beredskap for eksamensavvikling ved spreiing av koronaviruset.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F vert nytta.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert etter retningslinene i Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia.

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no / 55583316

Institutt

Institutt for samanliknande politikk