Emner: TEAT311 Teatervitenskap: Seminarinnlegg innenfor et selvvalgt område - Høst 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

I emnet skal studenten førebu og presentera eit munnleg seminarinnlegg på 45 min for medstudentar og faglærarar i ein seminarsamanheng arrangert av fagmiljøet.

Emnet for seminarinnlegget kan vere av teaterhistorisk, analytisk, teoretisk eller teaterpolitisk karakter. Seminarinnlegget skal vere fokusert på ei metodisk eller tematisk problemstilling innanfor det valde temaområdet.

Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.

Studentar som skal halde innlegg må melde frå om emne for seminarinnlegg til emneansvarleg innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.

 

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført ført emnet har studenten

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

 

Generell kompetanse

Etter fullført eksamen kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ønskjeleg at studenten har bestått TEAT301 og TEAT302.

 

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester kan det verte satt opp felles oppgåveseminar. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.

Studenten skal førebu eit seminarinnlegg på 45 min. Innhaldet i seminarinnlegget vert avtala med faglærar. Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.

 

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Å møte til to individuelle rettleiingar.

Vurderingsformer

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå:  

  1. Manuskript til prøveforelesing (om lag 3500 ord). Manuskriptet vert vurdert til bestått/ ikkje bestått av intern kommisjon i fagmiljøet før munnleg presentasjon.
  2. Munnleg presentasjon/prøveforelesing. Denne vert vurdert som prøveførelesing av intern kommisjon i fagmiljøet.

Både manuskript og munnleg presentasjon skal vere bestått for at samla vurdering i emnet skal setjast til bestått. Delane tel 50% kvar i vurderinga.

Til:

  1. Manuskript til ei tenkt prøveforelesing (om lag 3500 ord).
  2. Ein lysbiletepresentasjon (PowerPoint) med hovudpunkt i forelesinga. Presentasjonen kan innehalde visuelle illustrasjonar.

Både manuskript og lysbiletepresentasjon skal vere bestått for at samla vurdering i emnet skal setjast til bestått.

Dette som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bestått/ Ikkje bestått

Vurderingssemester

Litteraturliste

I samråd med faglærer skal studenten finne fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for seminarinnlegget. Litteraturlista til seminarinnlegget skal vere på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for MAHF-TEAT

Emneansvarleg

Fagmiljøet i teatervitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no