Emner: TEAT311 Teatervitenskap: Seminarinnlegg innenfor et selvvalgt område - Vår 2020
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Haust/Vår
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
I emnet skal studenten førebu og presentera eit munnleg seminarinnlegg på 45 min for medstudentar og faglærarar i ein seminarsamanheng arrangert av fagmiljøet.
Emnet for seminarinnlegget kan vere av teaterhistorisk, analytisk, teoretisk eller teaterpolitisk karakter. Seminarinnlegget skal vere fokusert på ei metodisk eller tematisk problemstilling innanfor det valde temaområdet.
Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.
Studentar som skal halde innlegg må melde frå om emne for seminarinnlegg til emneansvarleg innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført ført emnet har studenten
- inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa teatervitskapeleg emne eller ei metodisk problemstilling
- formulert sjølvstendige synspunkt på eit teatervitskapeleg emne
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gjennomføre eit vitskapelig prosjekt gjennom materialinnsamling og teoretisk-analytisk handsaming av ei teatervitskapeleg problemstilling
- gi ei munnleg framstilling av eit teatervitskapeleg emne
Generell kompetanse
Etter fullført eksamen kan studenten
- presentere eige vitskapleg arbeid i munnleg form
- reflektere sjølvstendig og kritisk kring eit teatervitskapeleg emne
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ønskjeleg at studenten har bestått TEAT301 og TEAT302.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester kan det verte satt opp felles oppgåveseminar. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.
Studenten skal førebu eit seminarinnlegg på 45 min. Innhaldet i seminarinnlegget vert avtala med faglærar. Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Å møte til to individuelle rettleiingar.
Vurderingsformer
Våren 2020 er vurderingsforma endra frå:
- Manuskript til prøveforelesing (om lag 3500 ord). Manuskriptet vert vurdert til bestått/ ikkje bestått av intern kommisjon i fagmiljøet før munnleg presentasjon.
- Munnleg presentasjon/prøveforelesing. Denne vert vurdert som prøveførelesing av intern kommisjon i fagmiljøet.
Både manuskript og munnleg presentasjon skal vere bestått for at samla vurdering i emnet skal setjast til bestått. Delane tel 50% kvar i vurderinga.
Til:
- Manuskript til ei tenkt prøveforelesing (om lag 3500 ord).
- Ein lysbiletepresentasjon (PowerPoint) med hovudpunkt i forelesinga. Presentasjonen kan innehalde visuelle illustrasjonar.
Både manuskript og lysbiletepresentasjon skal vere bestått for at samla vurdering i emnet skal setjast til bestått.
Dette som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Bestått/ Ikkje bestått
Vurderingssemester
Litteraturliste
I samråd med faglærer skal studenten finne fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for seminarinnlegget. Litteraturlista til seminarinnlegget skal vere på minimum 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for MAHF-TEAT
Emneansvarleg
Fagmiljøet i teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no