Emner: TYS105 Grunnemne i tysk språk I - Vår 2020




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Tysk

Undervisningssemester

Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen og Kiel. Opphaldet i Kiel er frivillig, varer i tre veker og finansierast ved eigenbetaling. Det vil i denne perioden bli gitt eit undervisningstilbod i Bergen til studentane som vel ikkje å reise.

Mål og innhald

Emnet omfattar eit basiskurs i tysk grammatikk. Kurset gir ei innføring i tysk morfologi (substantiv, adjektiv, pronomen, verb) og i grunnleggjande trekk ved tysk syntaks (grammatisk analyse, sideordning og underordning av setningar, kasus, tempus).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Dugleik:

Studenten

Grunnkompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS105 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS111, TYS111H, TYS111-F eller med TYS621.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar som føreset aktiv deltaking frå studentane, og eit øvingskollokvium. Undervisninga i delar av TYS105 kan takast ved Universitetet i Kiel. Det vil blir gitt eit likeverdig undervisningstilbod for dei studentane som vel å bli verande i Bergen

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane i Bergen.

I løpet av semesteret skal det skrivast to korte øvingsoppgåver.

Alle arbeidskrava må vere godkjende av faglærer i same semester før ein kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 Våren 2020 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen (4 timar) til skriftleg eksamen heime (6 timar), som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2020 er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt