Haust.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon:
Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på
Emnet har avgrensa tal plassar, og studentar på Master i biologi, retning Marinbiologi, vil bli prioriterte.
Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på
Emnet tek sikte på å gje studentane den kunnskapen som trengs for å skrive ei masteroppgåve og ein vitskapleg artikkel, og å rapportere forskingsresultat i ulike format. Emnet er ei øving i vitskapleg skriving, til å samarbeide om å skrive og presentere forsking, og i å gi (og få) tilbakemelding på skriftlege arbeid.
Emnet vil dekke formelle sjangerkrav, inkludert tekststruktur, språk, tabellar og figurar, siteringar, etc., samt praktiske tips for å komme i gang med skrivinga. Studentane vil også vurdere skriftleg handverk i publiserte artiklar, og skrive og presentere i ulike format. Vi vil drøfte etiske utfordringar i vitskap og forskning og kva det er å være ein forskar.
Etter å ha tatt dette emnet skal studentane vere i stand til å
- skrive alle delar (IMRaD) av ei masteroppgåve
- skrive eit tema inn i ein vitskapleg kontekst, med kritisk bruk av kjernelitteratur
- presentere eit forskingsprosjekt i samarbeid med andre, i ulike format.
- presentere dresultat og data og skrive dei inn i ein tekst
- skrive klare akademiske tekstar med flyt og stil.