Emner: ECON260 Næringsøkonomi og konkurransepolitikk - Vår 2020




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Ujamt

 

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å gi studentene ei generell innføring i næringsøkonomisk teori og konkurransepolitikk.

Kurset tek for seg grunnleggjande monopolteori og teori for konkurranse i marknader med få aktørar ¿oligopolmarknader. Studentane vil også få ei innføring i spelteori for å kunne analysere statiske og dynamiske spel. Utvalde delar av moderne konkurransepolitikk vil bli gjennomgått.

Eit sentralt tema i kurset er marknadsmakt og korleis denne påverkar samfunnet og konsumentene. Kva skjer med velferda når ein monopolist tek ulike prisar frå ulike kundar/ ulike marknader (prisdiskriminering), og kva insentiv har monopolisten til å tilby produkter av god kvalitet?  Kurset vil også gjennom ulike modellar for konkurranse og derunder studere korleis førstetrekksfordeler påverkar både konkurransen og etableringsmoglegheiter i marknadene. Vi vil også se på kva moglegheiter bedriftar har til å få i stand prissamarbeid og kva konsekvensar dette vil ha for samfunnet og kundane.

Kurset vil også gjennomgå enkelte utvalde konkurransepolitiske tema som fusjonar, og vertikale avtalar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

Ferdigheiter

Kandidaten...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140, ECON110

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med ECON160

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

18 forelesingar. Seminarundervisning.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av skriftleg gruppearbeid på førelesing.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering med samla karaktervurdering med samla karaktervurdering basert på to deler:

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no