Emner: ECON341 Økonometri II - Høst 2020




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Uregelmessig

Mål og innhald

Eit viktig siktemål med kurset er å gå gjennom økonometriske modellar og metodar som er mykje brukt i hovudoppgåver, men som ikkje er dekka i introduksjonskurset (ECON340). I kurset blir det gjennomgått kva ein kan oppnå med å ta i bruk dei respektive modelltypane, og kva for estimatorar som må nyttast. Statistikkprogrammet Stata blir brukt til praktiske døme.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Ferdigheiter

Kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

ECON340

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein obligatoriske innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

 

 

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder@econ.uib.no