Emner: ECON381 Praksisbasert prosjektarbeid - Høst 2020




Studiepoeng

20.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål: Målet med kurset er å lære deltakarane, både individuelt og som gruppe, bruk av samfunnsøkonomisk kunnskap i samanheng med eit praktisk oppdrag for ein ekstern oppdragsgjevar («kunde»).

Innhald: Studentane gjennomfører eit prosjekt for den bedrifta/organisasjonen som er oppdragsgjevar. Prosjektet blir gjennomført som eit gruppearbeid med 3-6 studentar pr. gruppe, og blir dokumentert i form av ein prosjektrapport.

Ved semesterstart vert det helde oppstartsseminar med fokus på å bu studentane på ulike sider ved det å jobbe for ein ekstern oppdragsgjevar. Ein viktig del av dette seminaret er å gjere studentane medvitne på sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Vidare går ein igjennom praktiske utfordringar og forslag til løysingar på situasjonar som kan oppstå. Sidan prosjektet er organisert som gruppearbeid vil det også bli lagt vekt på opplæring i effektiv arbeidsorganisering, herunder møteteknikk.

Studentane blir tildelt eit prosjekt, og må rekne med å måtte delta i utviklinga av prosjektet. Studentane får grupperettleiing både frå bedrifta/organisasjonen og frå Institutt for økonomi. Dette blir organisert som prosjektmøter der studentane får ansvar for å organisere og leie møter. I tillegg vil kvar student få individuell rettleiing frå instituttet etter behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

Ferdigheiter

Kandidaten...

Kompetanse

Kandidaten...

Krav til forkunnskapar

ECON110, ECON130, ECON243, ECON210, ECON230, ECON240, ECON290, ECON310 og ECON340

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi.

Arbeids- og undervisningsformer

Form: Seminar og individuell rettleiing

Tal veker: rundt 16 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Praksisrapport (skal skrivast i gruppe)

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no