Emner: ENERGI101 Introduksjon til energikilder og forbruk - Høst 2020




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Mål og innhald

Mål
Emnet har som mål å gi studentane ein introduksjon til og oversikt over ulike energiressursar og teknologiar, og deira bruk. Emnet skal formidle forståing for bidraget frå ulike energikjelder til nasjonal og global energiforsyning, korleis denne har utvikla seg over tid og kva mogelegheiter som ligg i framtida.

 

Innhald
Emnet diskuterer sentrale fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vasskraft, havenergi, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tek emnet for seg kjernekraft og fossile energikjelder. Tema som energisystem, energilagring og energieffektivitet vert óg introdusert, saman med CO2-fangst og lagring. Dei ulike energikjeldene vil bli satt inn eit berekraft- og økonomiperspektiv. Prinsippet for livssyklusanalyse vil og bli introdusert. Emnet vil gje ei oversikt over nasjonal og global energiproduksjon og forbruk, korleis energi vert nytta og projeksjonar fram i tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Realfagskrav.

Studiepoengsreduksjon

ENERGI200: 10 sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det eit krav om at du har ein studierett knytt til Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

2 forelesingar á 2+ 1 timar pr. veke, 1 øving per veke. Øvingane inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesingane og 1- 2 prosjektarbeid med diskusjon av aktuelle tema. Noko av forelesingstida vil bli nytta til rettleiing i prosjektarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføring av prosjektarbeid.
Gyldig i to semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Prosjektarbeid vil telle 20% av endeleg karakter og må være gjennomført.

Skriftleg eksamen 4 timar, vil telle 80% av endeleg karakter og må være bestått.

Høst 2020 og vår 2021 vil skriftlig eksamen bli gjennomført hjemmefra.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i reglane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

I utgangspunktet vil referansegruppe bli brukt årleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan du kontakte her:

energi-siving@uib.no