Emner: GEOV222 Paleoklimatologi - Høst 2020




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å formidle ei heilskapleg forståing for globale klimamønstre gjennom geologisk tid, og for mekanismar som er assosierte med endringar i desse. Emnet undersøkar det globale klimasystemet i kenozoikum, og samanliknar geologiske datasett som syner klima i tidlegare tider med det noverande for a vurdere korleis jorda si klimahistorie kan forklare og avgrense moglege klimaendringar i framtida. Eksempel på studiar av fortida si klimavariabilitet frå tektoniske til mellomårlege tidskalaer vert undersøkte. I kurset nytter ein artiklar og nettressursar til undervisning i førelesningar, seminardiskusjonar og klasseaktivitetar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

Ferdigheiter
Studenten kan

Generell kompetanse
Studenten kan

Krav til forkunnskapar

GEOV101
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV105, GEOV110

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, øvingar, og seminar.

Førelesning og/eller seminar, 4 timer i veka i 11 veker.

Øvingar, 2 timer i veka i 11 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på øvingar og innlevering av oppgåver.
Deltaking på seminar og innlevering av seminaroppgåver.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Undervegsvurdering basert på labøvingar (40 %) og 4 timar skriftleg eksamen (60 %).
Begge deler må bestås for å få endeleg vurdering i emnet.
Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.

Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Hjelpemiddel til eksamen

Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOL222: 10 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no