Emner: GEOV277 Signalanalyse og inversjon i geovitenskap - Vår 2020




Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Innanfor geovitskap er det grunnleggjande å kome fram til modellar som kan forklare våre observerte data. Denne prosessen vert kalla inversjon. Ofte må data preparerast og verte analysert før dei er eigna for inversjon. Eit overordna mål i dette emnet er at studenten skal opparbeida seg eit generelt oversyn over ulike analyse- og inversjonsmetodar som er vanlege innanfor geofaga. Dei spesifikke måla er at studenten kan 1) gjennomføra analyse/inversjon på ulike typar geodata ved hjelp av MATLAB og anna eigna programvare, 2) oppsummere observasjonar, data og metodiske prinsipp munnleg og skriftleg, 3) gjere tolkingar og fatte avgjerder basert på resultat frå analyse/inversjon.

Innhald:
Emnet gjev eit generelt oversyn over ulike typar analyse- og inversjonsmetodar som er vanlege innanfor geofaga. Vidare inneber emnet ei fordjuping innanfor spesifikke tema med tilhøyrande applikasjonar (sjå liste nedanfor). I undervisinga vert det gjort ei vekting av tema og applikasjonar avhengig av bakgrunnen til studentane.

Dataanalyse

Fordjupingstema og døme på metodar/applikasjonar:

Inversjon

Fordjupingstema og døme på metodar/applikasjonar:

Øvingar med MATLAB i kombinasjon med andre programvare har ei fundamental rolle i undervisinga. Studentane jobbar med øvingane både einskildvis og i grupper.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

GEOV112, MAT121

Det vert kravt at studenten har grunnleggjande forkunnskapar i

Tilrådde forkunnskapar

GEOV113, GEOV219, GEOV276

 

Det vil vere fordelaktig om studenten har nokre forkunnskapar innan refleksjonsseismikk, seismologi og generelle berekningsalgoritmar.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vert gjeve i form av førelesingar, øvingar, og eit seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i all undervising. Emnet bruker aktive læringsteknikkar som krev at studentane er tilstades i alle arbeidsøkter.
Obligatorisk innlevering av oppgåver
Obligatorisk deltaking på seminar

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i tre semester, inkludert semesteret emnet vert undervist.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det vert tilbode vurdering berre i det semesteret emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no
Tlf 55 58 35 19