Bachelor
Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.
Emnet omfattar i første rekkje lesing av episke og lyriske tekstar frå den arkaiske perioden (750-480 f. Kr.), men også poetiske tekstar frå klassisk, hellenistisk og romersk tid kan inngå. Det blir også gitt innføring i gresk språkhistorie (serleg hovuddraga av greske dialektgrupper og litteraturspråk) og metrikk, eit oversyn over gresk religionshistorie og mytologi, og auka kjennskap til gresk litteraturhistorie (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne).
Kunnskapar
Kandidaten har
- auka kjennskap til gresk språk og grammatikk med vekt på språkhistorie, dialektgrupper, litteraturspråk og metrikk
- auka kjennskap til gresk litteraturhistorie med vekt på episk og lyrisk dikting
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese metriske greske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
- identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk.
- gjere greie for viktige greske poetar
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Ein tilrår at eksamen i GRE101 og GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE104.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.)
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensum, med serleg innføring i metrikk og språkhistorie.
Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Eksamen består av ein munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere metriske tekstar frå pensum, og svare på spørsmål med utgangspunkt i tekstane og frå pensum elles.
Hausten 2020 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Karakterskala A-F.
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.