Emner: HELSAM301 Introduksjon til helse og samfunn - Vår 2020
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Helse og samfunn er introduksjonsemnet i studiet, og gir ein overgripande innføring i folkehelse-utfordringar i dagens Norge. Komplekse problem hos utsette grupper som unge, eldre og flyktningar blir særlig vektlagt. Ein multifaktoriell forståing av dei største folkesjukdomane blir og tatt opp. Emnet diskuterer vidare helsevesenet si rolle i samfunnet og kva for prinsipp som ligg til grunn for prioritering av helsetilbod i ein befolkning der sjukdomsbyrde er ulikt fordelt. Problematikk knytt til helse og teknologi vert og drøfta.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har:
- omfattande kunnskap om korleis det norske helsevesenet er organisert og fungerer
- innsikt i kva for helsebehov som eksisterer i den norske befolkninga
- innsikt i ein multifaktoriell forståing knytt til sentrale helseutfordringar i befolkninga
- innsikt i korleis ein prioriterar begrensa ressurser
- innsikt i kva for grupper i samfunnet som har mest udekka behov for helsetenester
- innsikt i viktige problemstillingar knytt til forholdet mellom helse og teknologi
Ferdigheiter
Studenten kan:
- reflektere rundt og vurdere kva som er dei viktigaste oppgåvene for helsevesenet i Norge
- vurdere korleis ressursane bør fordelast på ein slik måte at alle får hjelp av helsevesenet når dei treng det, uavhengig av kjønn, alder, sosioøkonomisk - og etnisk bakgrunn
Generell kompetanse
Studenten kan:
- vurdere behov for helsehjelp opp mot andre viktige samfunnsoppgåver
- vurdere komplekse problemstillingar relatert til sosial ulikhet og helse
Krav til forkunnskapar
Fullført helsefagleg bachelorgrad eller tilsvarande
Krav til studierett
Studentar som er tatt opp til Masterprogram i helse og samfunn
Arbeids- og undervisningsformer
Studentførebuande og studentaktive arbeids- og læreformer vert nytta, som:
- førelesningar med studentførebuande og - aktiviserande element
- gruppearbeid
- sjølvstudium
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i gruppearbeid
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Munnleg gruppepresentasjon med påfølgjande diskusjon og tilbakemeldingar.
Individuell presentasjon av grupperbeidet leverast skriftleg der diskusjon og tilbakemeldingar er innarbeida.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).
Programansvarleg
Programutval i helsefag har ansvar for fagleg innhald i, kvaliteten på og oppbygging av studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Inger Haukenes, http://www.uib.no/personer/Inger.Haukenes
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:Studie@igs.uib.nomailto:Studie@igs.uib.no
mailto:Studie@igs.uib.noStudie@igs.uib.no