Emner: LAT104 Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid - Vår 2020




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

 

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar i første rekkje lesing av utvalde tekstar av Catull (ca. 84-54 f. Kr.) og Ovid (43 f. Kr.-17 e. Kr.). Ein får og ei innføring i latinsk metrikk med vekt på enklare versemål som heksameter, elegiske disticha og hendekasyllabar, vidare eit oversyn over romersk religionshistorie og mytologi, og auka kjennskap til romersk litteraturhistorie (med særleg vekt på dei forfattarane som blir lesne).

Læringsutbyte

Studentane skal få innsikt i det som særmerker romersk poesi, og den kunnskapen om latinsk poetisk språkbruk, mytologi og metrikk som er ein føresetnad for at ein skal kunne verdsette desse tekstane på originalspråket.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Latinkunnskapar tilsvarande fullført LAT102.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

 

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensum, med serleg innføring i metrikk og språkhistorie. 

 

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere metriske tekstar frå pensum og svare på spørsmål med utgangspunkt i tekstane og frå pensum elles.

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er til saman på omlag 45 sider latinske poetiske tekstar (30 liner = 1 side), lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår systematiske framstellingar av latinsk metrikk og oversyn over romersk religionshistorie og mytologi.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

 

 

 

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no