Mål: Emnet gir basiskunnskap i latinsk språk og litteratur i det kristne Vest-Europa i mellomalderen, og ei innføring i den europeiske bok- og skriftkulturen frå 500-1500.
Innhald: Kurset har førelesingar om grunnleggjande latinsk formlære og syntaks, med lesing av utvalde tekstar både i original og i omsetjing, der litteraturen blir sett inn i ein historisk kontekst. Studentane får ei innføring i utviklinga av latinsk skrifthistorie og boka som fysisk objekt (paleografi og kodikologi), samt innblikk i utfordringane ved tekstoverlevering.
Kunnskapar
Kandidaten har
- grunnleggjande kjennskap til latinsk språk og grammatikk
- kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av bok- og skriftkulturen i mellomalderen
- kunnskap om det latinske språks og litteraturs historie og rolle som fundament for kulturen i Vest-Europa under kristen tid
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- på eit elementært nivå lese og omsetje korte originaltekstar på latin ved hjelp av ordbok
- formidle sentrale utviklingstrinn og grunnleggande konsept innan latinsk bokhistorie og handskriftskultur
- gjere greie for kulturelle og historiske årsaker til latinens rolle i Europa i mellomalderen
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultata skriftleg
- bruke arkiv, bibliotek og historiske samlingar i prosjekt, studium og forsking
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.
Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar over delar av pensum. Undervisinga kan også vere i form av gruppearbeid eller ekskursjonar.
Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).