Undervising hausten 2020 vil bli gjeve på engelsk.
Kurset gjev ei innføring i kognisjonsvitskap relatert til språkleg kunnskap, språktileigning og bruk av språk. Gjennom døme vil studentane lære om korleis psykologiske og kognitive aspekt av språk kan studerast.
Føremålet med emnet er å gje studentane eit innblikk i språket sin psykologi, å illustrere korleis språkvitskap og eksperimentell psykologi er relaterte, og å gje eit grunnlag for vidare studium i kognitive tilnærmingar til språk.
Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne
· gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og dei aktuelle metodane.
· grunngje valet og bruken av omgrep og metodar i eigne arbeid.
Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar.
Om lag 2 timar pr. veke.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no